Konferansen er særleg relevant for:
- Tilsette i kommunar med arbeidsfelt innan kultur, idrett, folkehelse, arealforvaltning, planlegging, kulturminne, naturforvaltning, frivilligheit, reiseliv, skule og utdanning.
- Frivillige og tilsette i frivillige organisasjonar
- Friluftsråd
- Du som er oppteken av friluftsliv, folkehelse, kultur, inkludering, relasjonsbygging og vår felles kulturarv.
Friluftslivet er inne i ei brytningstid. Auka press på areala, auka turisme og klimaendringar gjev utfordringar for utøvinga av friluftsliv. Ja, sjølv tiltak for å bevare naturen, og tiltak som har til hensikt å auke aktiviteten i utmarka, kan utfordre allemannsretten og gjere at vi i framtida må tenke annleis om korleis vi skal drive friluftslivet vårt. I anledning Friluftslivets år 2025 vil vi på årets fylkeskulturkonferanse rette søkelyset mot friluftslivet og alle paradoksa vi må ta omsyn til i arbeidet med auka aktivitet og friluftslivsglede. Korleis skal vi arbeide for auka bruk og meir aktivitet, samstundes som vi tek vare på dei viktige kvalitetane knytt til stillheit, ro og urørt natur? Korleis balanserer vi tilgjengelegheit og tilrettelegging mot naturbevaring? Og kva med klimaendringar mot auka forbruk og nye opplevingar gjennom korte og lange reiser?
På årets fylkeskulturkonferanse vil vi reise tilbake i tid og sjå på korleis det heile starta og kvifor friluftslivet vart ein så viktig del av den norske kulturarven. Kanskje ligg noko av løysninga på mange av paradoksa her? Kan vi finne tilbake til den opphavelege friluftslivstradisjonen og eit rikt liv med enkle middel? Kanskje kan dette også opne friluftslivet for enda fleire?
Kva står på programmet?
Fylkeskulturkonferansen er i år lagt til vakre Herøy kommune og Fosnavåg konserthus. Det blir to dagar med aktivitet, nettverksbygging, inspirasjon og friluftslivsopplevingar.
Måndag, dag 1 blir det aktive parallellsesjonar, opning av konferansen, festmiddag og filmvisning. Skildring av dei aktive parallellsesjonane finn du i programmet.
Tysdag, dag 2 av konferansen er svært rikhaldig, og eit nesten fullstendig program er allereie klart. Til konferansen kjem mellom anna Alexander Reed (frå serien «Mina og meg), Stein P. Aasheim (eventyrar), Marit Beate Kasin (Naturparadokset), Guri Botheim (Høgfjellsmeldinga) og mange fleire.
Sjå heile programmet for Fylkeskulturkonferansen 2025 (PDF, 1005 kB)
Bli med på årets fylkeskulturkonferanse – den viktigaste møteplassen for alle som jobber med kultur og friluftsliv i Møre og Romsdal!
Pris
Det er gratis å delta på konferansen. Meld deg på og få med deg både aktivitetar og festmiddag på måndag og sjølve konferansen på tysdag.
Overnatting
Kvar enkelt må sjølv bestille og betale for overnatting på Thon Hotel Fosnavåg. Pris for overnatting er 995.
Følg denne lenka for å bestille overnatting til avtalepris. Du kan også ta direkte kontakt med hotellet og oppgi koden 3069589.
Meld deg på!
Det er avgrensa plassar på konferansen, så ver snar! Ver merksam på at påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kjem til konferansen, blir du fakturert eit gebyr på 500 kroner.
Følg denne lenka for å melde deg på konferansen. Påmeldingsfrist er fredag 15. august. Frist for avmelding er måndag 1. september.