1,3 millionar kroner til frisklivssentralar i fylket

Ni kommunar får til saman 1,2 millionar kroner til å drive frisklivsarbeid, medan 100.000 kroner er sett av til kompetanseutvikling for dei tilsette i frisklivssentralane. Dette er viktige midlar som vil bidra til å inspirere og utvikle tilbodet ved sentralane.

Fylkeskommunen fekk i år inn ti søknadar, med ein samla søknadssum på 2.074.500 kroner. Herøy kommune, som fekk støtte til etablering av frisklivssentral i fjor, er den einaste kommunen som søker midlar til etablering av ny frisklivssentral. Dei andre søknadane kjem frå sju kommunar med etablerte frisklivssentralar. I tillegg søker Vestnes kommune om støtte til etablering av meistringstilbod.

– Frisklivssentralane spelar ei avgjerande rolle i å førebygge sjukdom og fremme livskvalitet. Vi er stolte av å kunne bidra til deira vidare arbeid, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen.

Frisklivssentralane si rolle

Frisklivssentralane er ei kommunal helseteneste som har som mål å fremme fysisk og psykisk helse. I tillegg skal dei førebygge eller avgrense utvikling av sjukdom ved å gi tidleg hjelp. Sentralane skal bidra til heilskaplege, koordinerte helsetenester og utjamne sosiale skilnader i levevanar og helse. Dei skal ha oversikt over, og kjennskap til, relevante offentlege, frivillige og private tilbod og tenester i kommunane og spesialisthelsetenesta. Dei skal samarbeide med desse for å leie brukarane vidare når det er aktuelt.

Utviklingssentral i Kristiansund

Møre og Romsdal har i dag 14 frisklivssentralar, der sentralen i Kristiansund fungerer som utviklingssentral for dei andre sentralane i fylket. Utviklingssentralen tilbyr mellom anna hospitering til nyetablerte frisklivssentralar og rettleiar ved behov. Dei har også eit større ansvar for organisering, planlegging og gjennomføring av regionale nettverksamlingar.

Viktig vedtak for folkehelsa

Vedtaket om tildelinga vart einstemmig vedtatt av kultur- og folkehelseutvalet. Dette viser kor viktig desse midlane er for å fremme helse og livskvalitet i fylket vårt. Frisklivssentralane spelar ei sentral rolle i det lokale folkehelsearbeidet, og med årets tildeling kan dei fortsette sitt viktige arbeid med å støtte og hjelpe innbyggjarane i Møre og Romsdal.

– Vi ser fram til å sjå dei positive resultata av denne tildelinga. Frisklivssentralane er viktige aktørar i det lokale folkehelsearbeidet, avsluttar Gärtner.

Her kan du sjå årets tildeling:

KommuneTildeling i kroner
Aure40.000
Herøy280.000
Hustadvika192.000
Kristiansund105.000
Molde100.000
Rauma192.000
Smøla61.000
Vanylven180.000
Vestnes50.000
Samla tildeling1.200.000

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 11. mars