Hauggata 1, Kaibakken, Kristiansund.
Hilde Arna Tokle Yri
Det er kultur- og folkehelseutvalet som nyleg har fordelt støtta.
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å ta vare på kulturminne som ei kjelde til å kunnskap, oppleving og bruk. Gjennom tilskotsordning for kulturminne og kulturmiljø, kan ulike aktørar søke om støtte til å ta vare på kulturminne i sitt miljø. 400.000 kr er særleg prioritert kystkultur og fiskeværa.
I alt har 16 aktørar og prosjekt fått støtte til istandsetting av verneverdige kulturminne i fylket. Fylkeskommunen fekk inn i alt 42 søknadar. Søknadene er fordelt mellom kulturminne av nasjonal/regional verdi og kommunalt prioriterte kulturminne. Tilskota skal vere mellom 25.000 og 200.000 kroner.
BP stasjonen på Åndalsnes
Ola Hjelen
– I år har vi rekordstor søking til denne ordninga og det er flott at så mange ønsker å ta vare på bygningar og anlegg rundt om i fylket vårt. Desse kulturminna gir særpreg og tilhøyrsle til omgjevnadane våre. Samtidig er det god klima- og miljøpolitikk å sette i stand bygningar, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet, Jessica Gärtner.
Tilskotsordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda etter kulturminnelova, men som blant anna er listeført i Regional delplan for kulturminne i Møre og Romsdal, har høg lokal verdi og inngår i kommunale kulturminneplanar. Det er ein stor overvekt av søknadar frå Sunnmøre også i år. 20 søknader gjeld kulturminne på Sunnmøre, ti i Romsdal og tolv på Nordmøre.
Her er lista over tilskota:
Kommune | Kulturminne | Søkar | Tilskot |
Aukra | To sjøhus i Røssøyvågen | Røsøvåg, Grethe | 200 000 |
Fjord | Årset – naustet, naustrekke Eidsdal | Årset, Svein Ove | 90 000 |
Fjord | Atlier i Eidsdal sentrum | TORESTOVA AS | 70 000 |
Fjord | Sel på Veibergsætra, Nerigardsselet | Jan Trygve Veiberg | 80 000 |
Ulstein | Naust Selvågen | Bjørkedal, Dag Helge | 40 000 |
Herøy | Våningshus, Flåvær | Flåvær Sameige | 180 000 |
Kr.sund | Hauggata 1 - Vinduer og fasade | hauggata 1-3 AS | 200 000 |
Rauma | Horgheim skysstasjon | Arve Horgheim | 100 000 |
Rauma | BP stasjon - Kringsjå - Åndalsnes | Tennis og Bolivar Eiendom AS | 80 000 |
Stranda | Sunnmørsstove | LEIRA, G.Johanna | 170 000 |
Ørsta | Løde på Øggarden | Krøvel, Bjørn | 143 000 |
Ålesund | Avholdshjemmet i Ålesund | Avholdshjemmet | 40 000 |
Ålesund | Jugenstilsbygning, Kongensgt. 6 | Sameie Kongensgt 6 | 100 000 |
Stranda | Bedehus på Hellesylt | Kulturbedehuset | 50 000 |
Hustadvika | Heimdalstunet museum Tornes | Fræna Sogelag | 70 000 |
Volda | Rønestadbakk på Folkestad | Randi Lise Rønnestad | 100 000 |
| Sum | | 1 713 000 |
Lenke til saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte 6. februar 2024
Sjøhus i Røssøyvågen, Aukra.
Møre og Romsdal fylkeskommune