Fylkesutvalet måndag 23. juni.
Inger Johanne Moene
Eit einstemmig fylkesutval vedtok dette måndag.
TV-aksjonen 2025 går til Atlas-alliansen, som gir hjelp til menneske med funksjonsnedsettingar i land råka av krig, kriser og fattigdom. Om lag 1,3 milliardar menneske i verda har ei funksjonsnedsetting, noko som gjer dei til verdas største minoritet.
Pengane frå TV-aksjonen 2025 skal brukast på skolegang, helsetenester, naudhjelp, og hjelpemiddel som rullestolar, krykker, briller og proteser.
TV-aksjonen i år skal sørge for at 200.000 menneske med funksjonsnedsettingar, og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv.
Dato for årets TV-aksjon er søndag 19. oktober.
Fylkeskommunen sitt bidrag til innsamlingsaksjonen har kvart år vore gitt som ei støtte til drift og gjennomføring av TV-aksjonen.
I fjorårets TV-aksjon blei det samla inn til saman 415 millionar kroner, som gikk til Barnekreftforeningen.
Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll for fylkesutvalet måndag 23. juni