100 nye elektriske bussar på lokale ruter og ekspressruter

Frå nyttår vil mange som reiser med buss i Møre og Romsdal merke endringar. Fleire heilt nye, elektriske bussar kjem på vegane.  

Hvit buss  - Klikk for stort bileteSjå opp for 100 nye elektriske bussar på Sunnmøre. Tor Arne Aasen

Dei skal køyre både på lokale ruter på Sunnmøre og på ekspressrutene med FRAM Ekspress. Oppstarten blir markert 5. januar med open buss og kake i Ålesund sentrum.  

Meir enn 100 flunkande nye og moderne elbussar betyr mindre støy, lågare utslepp og ein meir komfortabel tur. Elektriske bussar er ei viktig satsing for FRAM, og stadig fleire ruter får dette på plass.

– Desse bussane gir både miljøgevinst og betre reiseoppleving, samtidig som vi stiller tydelege krav til kvalitet og drift, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.

Vy buss som operatør

Det er Vy Buss AS som har inngått nye avtalar med Møre og Romsdal fylkeskommune, på vegner av FRAM. Avtalane gjeld bussdrift i nordlege og sørlege delar av Sunnmøre og strekker seg over om lag 10 og 13 år. I tillegg til lokale bussruter omfattar kontrakten ekspressruter, mellom anna FRAM Ekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund.

Helle-Tautra fortel at målet heile tida er å gjere busstilbodet best mogleg innanfor rammene ein må forhalde seg til.  

– Rutene er gjennomgåtte og justerte. Endringane tek til 1. januar når dei nye bussane blir sette i drift, seier avdelingssjefen.

Markering med «open buss» 5. januar

Måndag 5. januar kl. 11.30 markerer FRAM oppstarten av  nye kontraktar og elektriske bussar. Då er alle invitert til kake, festtalar og open buss på Skateflukaia i Ålesund. Bussen vil stå parkert frå kl. 11.30 - 13.00, og er open for alle som vil inn og teste ut fasilitetane. Vel møtt!

Eigen pris på to avgangar mellom Volda–Ålesund

For å sikre god handtering av skoleskyss er det gjort avtale mellom FRAM og Vy kommersiell på linje 430 mellom Volda og Ålesund. Skoleelevar kan bruke 430, med gyldig skoleskyss-bevis.

Som ein del av avtalen kan reisande med gyldig periodebillett frå FRAM nytte to avgangar frå Vy utan ekstra kostnad:  

  • kl. 07:35 frå Volda til Ålesund
  • kl. 15:35 frå Volda til Ålesund  
     

På øvrige avgangar på linje 430 gjelder Vy sine ordinære prisar, og billett må bestillast på førahand via Vy sine kanalar.

Sjekk oppdaterte rutetider og haldeplassar i reiseplanleggaren på frammr.no eller i FRAM-appen.