12 utstillarar på fylkespaviljongen på Nor-Fishing i Trondheim

12 utstillarar har fått plass på fylkespaviljongen til Møre og Romsdal fylkeskommune på Nor-Fishing i Trondheim.

Bilde av ein paviljongvegg. - Klikk for stort biletePaviljongveggen til Møre og Romsdal fylkeskommune på Nor-Fishing. Møre og Romsdal fylkeskommune

Dei tolv er Giske kommune med Gjøsund havn, Hareid Group, Kristiansund Mekaniske, Libra, Molde og Romsdal Havn i lag med kommunane Aukra, Hustadvika og Molde, GCE Blue Maritime, Polyform, Premas, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI), Triangel Business Solutions, Ulstein Betongindustri og Ulstein Design & Solution.

Når Nor-Fishing startar tysdag 20. august, er det 13. gong at fylkeskommunen legg til rette for ein fylkespaviljong på fiskerimessa i Trondheim Spektrum. Deltakinga på fylkespaviljongen er eit samarbeidsprosjekt mellom bedrifter, kommunar og fylkeskommunen, der målet er å profilere det varierte og omfattande næringslivet relatert til fiskerisektoren og spesielt leverandørindustrien i fylket.

Nor-Fishing er ei av verdas leiande messer for fiskeriteknologi, og er ein viktig nasjonal og internasjonal møteplass for fiskerinæringa. Messa vert arrangert i Trondheim annakvart år, og samlar inntil 20.000 besøkande frå 60 ulike nasjonar. I år er det Nor-Fishing frå tysdag 20. til og med torsdag 22. august.