125.000 kr. til ni tiltak for ungdom

No blir det pengar både til kino i Kristiansund 17. mai, innkjøp av nytt utstyr til ungdomsklubb i Stranda og podkast i Hustadvika. 

Ungdomar som utgjer ungdomspanelet. - Klikk for stort bileteUngdomspanelet: Frå venstre Kasper Dalhaug, Mads Ødegaard Harstad, Lisa Marie Nikolaisen Roald, Magnus Smørdal, Iver Aarebrot, Ida Fjerstad, Linda Mordal, Kristine Hildre Dimmen og Nikola Bileska. Per-Kristian Bratteng

Det nyvalde ungdomspanelet i Møre og Romsdal har tildelt til saman 125.000 kroner til ni aktivitetstiltak for ungdom rundt om i fylket. Ungdomspanelet var samla til møte sist helg i Molde, og panelet fekk mange gode søknader, fortel leiar Magnus Smørdal:

– I arbeidet med tildeling av ungdomsmidlane såg vi raskt kva søknadar som peikte seg ut. Vi såg etter aktivitetar som engasjerer flest mogleg ungdom, som er opne for alle og som samtidig tilfredsstiller krava. Vi oppmodar alle som har eit spennande prosjekt for ungdom om å søke igjen ved neste tildeling, seier Smørdal.

Fordelinga av ungdomsmidlane vart slik:

SøknadKvenKommuneTildeling
Volleyballturnering og strandgrillingUngdomsrådet SurnadalSurnadal15 000
Kino 17. maiKristiansund ungdomsrådKristiansund4 500
Oppgradering av Stormen ungdomsklubb - gamingromSmøla ungdomsrådSmøla15 000
Kjøp av shuffleboardUngdomsrådet Hareid kommune v/leiar Pranaya SelvaHareid20 000
Innkjøp av teknisk utstyr for oppstart av podcastUl VidarHustadvika7 826
Rusfritt arrangement «MOT til 1. mai»Bjørg JacobsenFjord15 000
Arrangere regional samling 6.-7. april, for barn og ungeEide KlatreklubbHustadvika11 000
Innkjøp av utstyr til ungdomsklubbSunnylven SamfunnshusStranda15 000
SMUD ungdomsklubb - utvide tilboda - projektor, lerret og eit subsoccer bordSMUD ungdomsklubbVestnes21 674
Sum tildeling  125 000

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250.000 kroner fordelt på to gongar i året til tiltak for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til tiltak som skaper engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom i fylket.

Målgruppa for tilskotsordninga er ungdom i Møre og Romsdal som ikkje mottek anna støtte frå fylkeskommunen. Ungdomsmidlane skal gå til tiltak for ungdom mellom 13 og 19 år. 

Neste søknadsperiode er 1. november til 1. desember 2024.