137,4 km. fylkesveg får ny asfalt i 2026

Møre og Romsdal fylkeskommune planlegg å asfaltere 137.388 meter fylkesveg i løpet av 2026.

Asfaltarbeid. Kai Bedringås

Dette går fram av årets dekkeleggingsprogram, som samferdselsutvalet blir orientert om i møtet onsdag 18. mars.

Det ordinære budsjettet for asfaltarbeid er på 142 millionar kroner. I tillegg kjem 7 millionar kroner frå det generelle vedlikehaldsbudsjettet, og 16 millionar kroner i investeringsmidlar til forsterking av fem utvalde strekningar.

Ikkje endeleg plan

Planen er ikkje endeleg. Først etter den siste teleløysinga om våren blir dei endelege prioriteringane fastsette. Det kan bli nokre få endringar i prioriteringane basert på innmelding frå entreprenørar om skadar og andre uventa hendingar.. Det kan òg bli gjort omprioriteringar etter at asfaltarbeidet er i gang.

Sjølv om årets program er stort, ligg behovet langt høgare. Fylket anslår at det årlege behovet for asfaltvedlikehald er om lag 300 millionar kroner, noko som er nær det doble av årets budsjettramme. Etterslepet på dei mest slitte vegane vil derfor halde fram med å auke.

Desse fylkesvegane er planlagt asfaltert i 2026:

Desse vegane får ny asfalt i 2026
VegnummerStadLengdeForsterkning
60Blindheim493 
60Aursnes fk.200 
60Hole - Drotninghaug3542 
60Strandafjellet3760 
61Hareid fergekai landanlegg411 
61Breivika - Årvika1900 
61Eikrem - Åheim8457 
61Åheim - Kvilehytta1500 
62Grytneset1370 
63Sogge Rauma, Sirkelhumpar  
64Stein - Markaneset (Isfjorden)4490 
64Avkjørsel mot Fannefjordtunnelen164 
64Rundkjøring Årø mot Årødalen67 
64Kårvågmyra - Bae1971 
536Borgundvegen, sirkelhumpar  
656Valle414 
659Harøya550JA
664Eidem - Tornes3994 
664Skjæret - Gule3399 
665Duelva - Heggem2544 
666Torvikbukt - Skoglund3621 
669Sætran - Dalen (Østsidevegen Smøla)1869 
670Melhus1834 
670Levika - Ålvundfossen3040 
670Kvanne Surnadal, Sirkelhumpar  
680Byskogen - Seivika2246 
682Gjæresvika - Almo3130 
5794Osdalen11284 
5829Otterdal - Grodås720 
5830Grendavegen i Hornindal1500 
5872Frøystad - Bø (Leinøya)3581 
5892Sjåstaddalen i Volda kommune1670 
5906Vartdal - Årsetdalen (delstrekning 1)750 
5906Vartdal - Årsetdalen (delstrekning 2)1100 
5906Vartdal - Årsetdalen (delstrekning 3)400 
5908Nordre Vartdal - Årskog (delstrekning 1)1180 
5908Nordre Vartdal - Årskog (delstrekning 2)540 
5910Barstadvik (delstrekning 1)40 
5910Barstadvik (delstrekning 2)650 
5910Barstadvik (delstrekning 3)310 
5914Ekornes (delstrekning 1)88 
5914Ekornes (delstrekning 2)1565 
5916Dalevegen i Sykkylven, sirkelhump  
5926Norddal (delstrekning 1)1400 
5926Norddal (delstrekning 2)90 
5926Norddal (delstrekning 3)80 
5926Norddal (delstrekning 4)710 
5926Norddal (delstrekning 5)1880 
5926Norddal (delstrekning 6)961 
5926Norddal (delstrekning 7)220 
5928Valldal - Fjøra1895 
5930Selboskar2478 
5942Tennfjordvegen1012 
5946Alvikvegen - Mørkeset3275JA
5950Godøya (delstrekning 1)285 
5950Godøya (delstrekning 2)570 
5950Godøya (delstrekning 3)227 
5957Ytterland120 
5957Giskebrua2356 
5957Ytterland rundkjøring63 
5958Valderøyvegen Giske, oppheva gangfelt  
5962Vigra (delstrekning 1)40 
5962Vigra (delstrekning 2)430 
5962Vigra (delstrekning 3)640 
5966Vatne - Helland del 1445 
5966Vatne - Helland del 2400 
5966Vatne - Helland del 33386 
5980Neråsvegen Tomrefjord2700 
5981Brastad (Tresfjord)509 
5994Hensvegen Isfjorden517 
5996Remmabrautvegen Isfjorden995 
6018Eidsvåg skule – Årstad1997 
6036Sandøya del 12357JA
6036Sandøya del 2648JA
6042Rindarøya - Obersthaugen (Aukra)2057 
6096Oternes - Kvalvåg3065 
6098Flatsetsund - Kystvågen2392 
6145Haugen x670 - Åsbøen2995 
6152Øravegen Surnadal, Sirkelhump  
6156Naustvollan - Hallvardvika (Surnadal)1470 
6192Gjela bru - Stemshaug4604 
6232Skaret - Malmedal3130JA
6240Sekken4645 
Sum: 137388 

 

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 18. mars