14,3 mill. kr til folkehelsearbeid i Møre og Romsdal

Fire kommunar får til saman 14,3 millionar kroner i tilskot for å styrke arbeidet med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet.

Kvinne i ei trapp. - Klikk for stort bileteÅlesund er ein av kommunane som får pengar til folkehelsearbeid. TINGH/Erik Birkeland

Dei fire kommunane er Ulstein, Herøy, Haram og Ålesund.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan 2019 vore programfylke for det tiårige nasjonale «Program for folkehelsearbeid i kommunene». Det er no tildelt midlar for siste perioden (2024-2026).

Folkehelseprogrammet skal bidra til ei langsiktig styrking av kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema.

Ein viktig del av folkehelseprogrammet er også å kople kommunar mot forskingsmiljø. Slik kan ein utvikle gode, kunnskapsbaserte måtar å arbeide på. Då bidreg ein til å løfte kompetansen til kommunane som er med i programmet.

«Frå utanforskap til innanforskap»

Vi vil at barn og unge i vårt fylke skal oppleve innanforskap. Måla våre er:

  • Barn og unge i Møre og Romsdal skal oppleve innanforskap gjennom å vere del av eit fellesskap, ha positive relasjonar til vaksne, jamgamle og yngre. Gjennom dette vert risikoen for rusproblematikk redusert og ein fremmer god psykisk helse for barn og unge
  • Barn og unge skal ha høve til medverknad i sin kvardag og på dei arenaer dei deltek
  • Programmet skal medverke til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak, arbeidsmetodar og verktøy for å fremme innanforskap. Dette gjer at kommunane i Møre og Romsdal aukar sin kapasitet og kompetanse til å drive eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid kring temaet

Sidan 2019 er det i Møre og Romsdal gjort seks tildelingar. Dei som får tilskot er:

Ulstein

Ulstein kommune vil starte opp ein ungdomsstyrt treffstad for å motverke utanforskap. Dei skal drive ein kafé som skal vere drifta i lag med dei unge og på dei unge sine premiss. I tillegg vil dei arbeide med overgangar frå ungdomsskule til vidaregåande. Målgruppa er i hovudsak ungdommar frå 15 års alder og ut vidaregåande skule. Tilbodet skal vere ope også for ungdommar frå andre kommunar, då den vidaregåande skulen har elevar for fleire kommunar. Dei får 3,5 millionar kroner for heile perioden.

Herøy

Herøy kommune får midlar til å starte ein småjobbsentral, kor målgruppa er barn og unge som av ulike årsaker fell utanfor skule og arbeidsliv. Tanken er at ein kan bruke ein slik arena for å skape fellesskap, meistring og meining i kvardagen. Tiltaket skal ligge i Svingen, som er eit diagnoseuavhengig lågterskel dagaktivitetstilbod kommunen er i ferd med på opprette. Herøy kommune får kr 2,8 millionar kroner for heile perioden.

Haram

Haram kommune søker folkehelseprogrammet om får midlar til å utvikle tiltak for ein god start for 8.klassingar, samt ein alternativ opplæringsarena. Her er målgruppa barn og unge som står utanfor eller står i fare for å falle utanfor, ordinært opplæringstilbod. Tiltaket blir eit delprosjekt i eit større prosjekt i kommunen. Sentralt i dette er samarbeid mellom alle skulane i kommunen for å motarbeide utanforskap. Kommunen får 3,0 millionar kroner for heile perioden.

Ålesund

Ålesund kommune blir tildelt nye midlar for å vidareutvikle Livet&Sånn med nye målgrupper og tema.  Elevar med framandspråkleg bakgrunn, mobbing, rusbruk og ufrivillig skulefråvær er dei nye satsingane og det vil bli arbeidd for å utvikle nytt materiale innan desse områda. Livet&Sånn får 5,0 millionar kroner til dette arbeidet i siste del av perioden.