14 kulturinstitusjonar får 56 mill. i faste driftstilskot

Kultur- og folkehelseutvalet har einstemmig løyvd 56,7 millionar kroner for 2024 i faste driftstilskot til 14 kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal.

Bilete som viser forsida av Festiviteten, operahuset i Kristiansund - Klikk for stort bileteFestiviteten i Kristiansund. Ingvild Dverseth Sæter

Driftstilskota skal bidra til å sikre føreseielege rammer til kulturinstitusjonar med langsiktige mål, som held høgt kunst- og kulturfagleg kvalitet og er viktige aktørar i regionen.

Innstillinga frå fylkeskommunedirektøren til utvalet vart laga med grunnlag i dei regionale planane, som viser mål og retning for utviklingsarbeidet for kulturområdet i fylkeskommunen. Innstillinga fekk einstemmig tilslutning av utvalet.

Kulturfeltet var blant dei hardast ramma av dei innskrenkande covid-19 tiltaka, og det er framleis behov for å bidra inn i kulturfeltet. Driftstilskota vart derfor vidareført på same nivå som i 2023, og med ei prisjustering på 4,5 prosent.

Fordelinga

Her er vedtaket om fordeling av driftstilskot for 2024 til regionale kulturinstitusjonar:

KulturinstitusjonKommune

Driftstilskot

Operaen i KristiansundKristiansund

4 595 300

Teatret VårtMolde

7 638 429

MoldejazzMolde

3 103 617

Stiftinga VitiÅlesund

11 737 176

Stiftelsen Nordmøre museumKristiansund

7 424 189

Stiftelsen RomsdalsmuseetMolde

6 666 707

Stiftinga Geirangerfjorden VerdensarvStranda

2 178 167

Stiftelsen AtlanterhavsparkenÅlesund

4 768 126

IKA Møre og RomsdalÅLesund

3 602 102

Møre og Romsdal kunstsenterMolde

2 276 780

VOFO - driftMolde

368 446

VOFO - rammetilskudd til studieorganisasjonerMolde

957 960

Skjærsgårdstjenesten v/ Sunnmøre FriluftsrådÅlesund

766 830

Nynorsk kultursentrumØrsta

612 550

Sum 

56 696 379

 

Lenke til saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte 6. februar 2024.