Dei fire prosjekta innan forskingsbasert innovasjon i næringslivet får 600.000 kroner kvar.
Desse prosjekta får tilskot:
- Brødrene Sperre AS: Oppdrettstorsk som råstoff i klippfiskproduksjon
- Norwegian Greentech AS: Sirkulær reinsing og gjenbruk av tankvaskevann frå kjemikalietankarar
- SINTEF Nordvest: Representativt miljø- og operasjonsprofil for realistisk skipsdesign
- Havila Kystruten AS: Datadriven beslutningsstøtte for energieffektivisering av Kystruten
Ti søknadar
Totalt kom det inn ti søknader innan fristen 10. april, med ein samla søknadssum på nær 6 millionar kroner. Seks søknadar vart avslått.
Etter denne tildelinga står det igjen 6,6 millionar kroner av midlane som er sette av til kvalifiseringsprosjekt i 2026.
Kva er eit kvalifiseringsprosjekt?
Kvalifiseringsprosjekt er eit verkemiddel i den regionale forskingsfinansieringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ordninga skal bidra til forskingsbasert innovasjon i næringslivet og hjelpe bedrifter med å utvikle gode prosjekt som kan danne grunnlag for vidare forsking og utvikling.
Prosjekta skal gjennomførast i samarbeid mellom minst éi bedrift og eitt godkjent FoU-miljø. Fylkeskommunen kan dekke inntil 50 prosent av kostnadene, med ei øvre ramme på 600.000 kroner per prosjekt.
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 13. mai