Ungdomskulturen tar over Normoria i Kristiansund i neste veke.
Ingvild Dverseth Sæter
Måndag 5.oktober går startskotet for årets UKM fylkesfestival i Møre og Romsdal, i Kristiansund. I tre dagar skal 200 ungdomar frå heile fylket fylle Normoria, Nordmøre si nye storstove for kultur, med kunst, kultur og aktivitetar. Ungdommane får vise fram det dei har skapt i operasalen, og i ballettsalen blir det ei stor kunstutstilling.
Heile bygget blir tatt i bruk, og ungdommane får oppleve dansesalen, Hauk lillesal, kulturskolen og biblioteket. Nordmørsmusea opnar også utstillingane sine for ungdommane og bidrar med workshop i kavlbinding.
I tillegg blir det sosiale aktivitetar, som speedfriending, konkurransen goosechase, aktivitetar og fest.
- Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal gir ungdomane ein unik arena for å uttrykke seg, møte andre og oppleve ulike kulturuttrykk. Når dei får vere kreative saman og lære av kvarandre, forstår dei seg sjølve og andre betre. Det er verdifullt i ei tid prega av uro og raske endringar, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Syde av liv
Kristiansund kommune gler seg over at ungdommane kjem til byen i haustferien.
- På fylkesfestivalen får vi oppleve kor mykje forskjellig ungdom i Møre og Romsdal skaper, og vi gler oss skikkeleg til å sjå kva dei har med seg! Som Noregs kulturkommune er vi stolte av å vere vertskap og kunne legge til rette for ei skikkeleg god oppleving. I Normoria får dei boltre seg i heile huset, stå på ei av dei flottaste scenene i Noreg og ha profesjonell rigg rundt seg. Det kjem til å syde av liv og kreativitet! Og eg håpar publikum blir med på festen – særleg lokale ungdommar. Billettane er gratis, så kom, bli inspirert og hei fram ungdommane, seier kultursjef Toril Skram i Kristiansund kommune.
Gratis inngang
I år startar UKM fylkesfestival med opning av festivalen og kunstutstillinga måndag 5.oktober, og publikum er hjarteleg velkomne til foajeen i Normoria klokka 20:00. Ungdommane håper mange tar turen for å sjå ung kulturytring på sitt beste også på framsyningane tysdag og onsdag.
Framsyningane er gratis og billettar finn du her på Normoria.no. Framsyningane blir også strøymde og blir tilgjengelege her.