200 ungdommar på samlingar, no skal fleire av dei på ungdommens fylkesting

Fire regionale samlingar i vinter har gitt ungdomsråda i kommunane i Møre og Romsdal både kompetanse, nettverk og praktisk erfaring før ungdommens fylkesting i Molde kommande helg.

Det er ungdommens fylkesråd som har stått bak rundreisa, og deltakinga har vore høg i alle regionar.

Samlingane har funne stad i Kristiansund, Molde, Ålesund og Fosnavåg, og berre tre kommunar mangla for at heile fylket skulle vere representert. Til saman har nesten 200 ungdommar deltatt.

Det var medlemmar frå ungdommens fylkesråd som leia dagane, og dei sørgde for både fagleg innhald og gode arenaer for erfaringsdeling og samarbeid mellom ungdomsråda.

Aktualitet og nyttige verktøy

Elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad og mobbeombod Kristin Øksenvåg hadde ei engasjerande økt om aktuelle tema for ungdom – blant anna russetid, elevkvardag og rettigheitar. I løpet av dagen deltok ungdommane òg i fleire øvingar og leikar som styrkte ferdigheiter i debatt, argumentasjon og å grunngje eigne synspunkt.

Innsikt i lokaldemokratiet

På kvar samling deltok òg ordførarar og andre lokalpolitikarar. Dei delte erfaringar frå kvardagen i politikken og snakka om korleis ungdom kan navigere i det politiske systemet – og ikkje minst korleis dei kan løfte fram hjartesakane sine og få gjennomslag.

Førebuing til ungdommens fylkesting

Samlingane har vore ein viktig arena for inspirasjon, motivasjon og nye relasjonar på tvers av kommunane. Mange av deltakarane vil møtast igjen på ungdommens fylkesting i Molde 13.–15. mars, der dei skal jobbe vidare med saker som er viktige for ungdom i Møre og Romsdal.

I år er det rekordpåmelding. Alle kommunar er representert, og alle plassane til organisasjonane er fylt opp.

Møteinnkalling, program, saksliste og saksframlegg for ungdommens fylkesting 13.-15. mars