21.000 elevar frå heile fylket skal fortelje korleis dei har det

Før påske skal 21.000 skoleelevar frå alle kommunar i fylket svare i den store Ungdataundersøkinga. Der fortel barn og unge korleis dei opplever kvardagen.

Fire personar på ein fotballbane. - Klikk for stort bilete Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommune

– Ungdataundersøkinga vil vere den beste kjelda vi har til kunnskap om ungdom i Møre og Romsdal. Denne er det viktig at kommunane nyttar i sitt planarbeid, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Undersøkinga går føre på skolane. I Møre og Romsdal er 5.085 frå mellomtrinnet, 7.923 frå ungdomstrinnet og 8.265 frå dei vidaregåande skolane invitert til å delta – frå alle kommunar i fylket. Mellomtrinnet og ungdomstrinnet i Ålesund gjennomførte undersøkinga i 2023, og blir ikkje med i år.

I Ungdataundersøkinga svarer dei på spørsmål om skole, fritid, vener og familie. Kva tenker dei om framtida? Korleis trivst dei i lokalmiljøet der dei bur? Blir dei utsett for mobbing? Føler dei seg einsame? Er dei nøgde med foreldra sine? Søv dei bra om natta? Har dei ei aktiv fritid?

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har bidratt i arbeidet med spørjeskjemaet.

– Stor verdi

– Det har stor verdi å følge med på trendar over tid og når ein ønsker å avdekke kvar skoen trykker. Det gjer at ein kan sette inn riktig innsats til riktig stad og til riktig tid, seier Kristin Skjærseth Hildre, rådgivar i Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS) i Midt-Noreg. Det er KORUS midt som er ansvarleg for undersøkinga i Møre og Romsdal.

Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm ser stor betydning i at barn og unge frå heile fylket svarar på same tid.

– For første gang gjennomfører vi undersøkinga på same tid. No får vi eit reelt grunnlag for samanlikning mellom kommunane, seier fylkesplansjefen.