Med løyvinga tar fylket eit nytt steg mot målet om hundre prosent dekning innan 2025.
Møre og Romsdal ligg heilt i toppen på breibandsdekning i Norge. 99,4 prosent av husstandane hadde i 2024 tilgang til minst 100 Mbit/s, og 96,8 prosent kan få 1 Gbit/s. Regjeringa sitt mål er at alle husstandar, bedrifter og offentlege institusjonar i Norge skal ha tilgang på breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s innan utgangen av 2025, og minst 1 Gbit/s innan 2030. Dei nye midlane skal bidra til å nå dei siste prosentane.
Pengane, som er statlege øyremerka midlar, kan nyttast der husstandar og bedrifter ikkje har breiband med minst 100 Mbit/s, og det ikkje er planar om kommersiell utbygging. Tilskotet kan fullfinansiere offentleg støtte utan krav om kommunal medfinansiering.
Etter ein anbodskonkurranse får 15 område fordelt på 10 kommunar støtte. Fem leverandørar står for utbygginga, som skal sikre minst 300 Mbit/s nedlasting til husstandar med fast busetting. Leverandørane må opne nettet for andre innhaldsleverandørar, og kontraktane inneheld krav om klima- og miljøomsyn.
Den statlege tildelinga til utbygging av breiband blir fordelt slik:
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 4. desember