Adrians Purins
Kvart år samlast rundt 500 ungdomar frå heile Noreg på den nasjonale UKM-festivalen. Festivalen er ein møteplass for unge kulturutøvarar, der dei får vist fram det dei skaper, utvikle seg fagleg, og bli kjent med andre som deler deira interesse for kunst og kultur.
Gir ny inspirasjon og engasjement
Ungdom frå Møre og Romsdal som skal bidra på og bak scenen, bidra med visuell kunst og, foto og til og med vere programleiar.
– Når ungdom får vere ein del av eit større kunst- og kulturfellesskap, gir det ny inspirasjon og engasjement. Det skaper verdi, både for den enkelte og for kulturlivet der dei bur, seier kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Heidi-Iren Wedlog Olsen.
For mange blir UKM-festivalen starten på venskap, samarbeid og nettverk som varer lenge etter at festivalen er over. Samtidig gir den erfaring med medverknad, ansvar og samfunnsengasjement. På UKM-festivalen får ungdom ytre seg gjennom kunst og kultur og oppleve at deira stemme er viktig.
– Dersom vi ønsker eit mangfaldig samfunn med sterke fellesskap og engasjerte unge menneske, må vi skape arenaer der ungdom får vere med og forme samfunnet. UKM er en slik arena, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og reiseleiar for ungdomane, Trine Oftedal.
Dette er UKM
Ung kultur møtast (UKM) er ein landsdekkande kulturfestival for og med ungdom som synleggjer ungdomskulturen. Ungdom får ansvar og skaper UKM-festivalar lokalt, regionalt og nasjonalt. UKM er ein stad der ungdom blir sett, høyrt og tatt på alvor som kulturbyggarar.
Den nasjonale UKM-festivalen:
- Blir arrangert i Trondheim 20.–24. Juni 2026.
- Samlar rundt 500 ungdom frå heile landet.
Sjå fullt program på www.ukm.no