3,6 mill. til seks forskings- og innovasjonsprosjekt

Fylkeskommunen gir 600.000 kroner til kvart av seks kvalifiseringsprosjekt. Kompetanse- og næringsutvalet vedtok tildelinga einstemmig.

Kvalifiseringsprosjekta skal hjelpe bedrifter med å undersøke om ein idé kan utviklast gjennom forsking og legge grunnlaget for større forskings- og innovasjonsprosjekt.

Dette er prosjekta som kvar får 600.000 kroner i støtte:

  • Aas Mek Verksted AS: Verktøy for effektiv fartberekning i tidleg skipsdesign (engelsk prosjekttittel: Effective speed-prediction tool for early-stage ship design)
  • NTNU: KI-støtta oppdaging og gradering av svarte flekkar i uerfiletar (engelsk prosjekttittel: AI-Assisted Detection and Grading of Black Spots in Redfish Fillets)
  • Firmenich Bjørge Biomarin AS: Helsefremjande smaksstoff frå norske makroalgar i sjømatprodukt (engelsk prosjekttittel: Healthy flavour compounds from Norwegian marcoalgae for seafood formulation)
  • Hofseth Biocare AS: Høgverdiprodukt frå organfraksjonar i kjønnsmoden laks
  • Møreforsking: Gull frå snøkrabbeblod?
  • Ode AS: Optimal elektrisk bedøving av oppdrettstorsk

Prosjekta omfattar skipsdesign, KI-basert kvalitetskontroll av fisk, foredling av marine råstoff og elektrisk bedøving av oppdrettstorsk.

Åtte søknadar

Fylkeskommunen fekk åtte søknadar på til saman 4,8 millionar kroner. Eit fagpanel frå fylkeskommunen og Innovasjon Norge vurderte søknadane etter fire kriterium: forskingskvalitet og innovasjon, verknader og effektar, gjennomføring og regional relevans.

I 2026 er ni millionar kroner sette av til kvalifiseringsprosjekt. Midlane kjem frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond. Etter tildelinga står tre millionar kroner att.

Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 10. september