3 mill. til hoppid.no: Desse får midlar i 2026

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok 17. mars einstemmig å fordele 3 mill. kroner i hoppid.no‑avklaringsmidlar til kommunane for 2026. Målet er å styrke nyetableringar i heile Møre og Romsdal ved å gi gründarar støtte til å avklare om forretningsidéane deira kan utviklast til levedyktige bedrifter.

Midlane skal nyttast uavkorta til aktivitetar som marknadsavklaringar, prototyping og eventuelt kjøp av ekstern rådgiving som bidreg for vidare avklaring.

Kommunar som hadde meir enn 130.000 kroner ubrukt ved utgangen av 2025 får ikkje nye midlar i denne runden. Dette gjeld Ørsta, Herøy, Rauma, Averøy, Aukra, Gjemnes, Sande og Smøla.

Tildelinga er fordelt etter ein modell som kombinerer likt grunnbeløp og fordeling etter folketal. Størst tildeling går til Ålesund, Molde og Kristiansund. Totalt blir 3 mill. kroner fordelte på kommunane i tabellen nedanfor.

Tildeling av hoppid.no‑midlar 2026

Hoppid.no-midlar for 2026
KommuneKroner
Ålesund463.728
Molde294.115
Kristiansund237.440
Hustadvika167.071
Volda150.806
Sula151.185
Haram140.843
Herøy137.904
Giske136.778
Sykkylven129.048
Vestnes127.047
Sunndal125.626
Surnadal118.474
Hareid114.802
Stranda107.868
Aure101.681
Tingvoll99.719
Vanylven99.481
Fjord96.381
Sum3.000.000

Forsking peikar på gode effektar

Ei førehandsanalyse frå SEAM Research Centre viser positive resultat av ordninga, særleg i distrikta. Hoppid.no‑kontora melder at midlane er treffsikre, gir betre marknadsavklaringar og fører til meir gjennomarbeidde forretningsmodellar. Funna skal presenterast internasjonalt i juni 2026.

Saksframlegg og møteprotkoll for kompetanse- og næringsutvalet 17. mars