30 el-bussar på plass i Kristiansund

Det var litt av eit syn då 30 flunkande nye el-bussar torsdag denne veka var samla på det nye bussdepotet i Kristiansund. Over nyttår skal bussane settast i trafikk på Nordmøre, som då får det største talet på el-bussar i fylket.

Representantar frå FRAM og Tide Buss hadde torsdag tatt turen til bussdepotet for å ta dei nye bussane i augesyn.

– Dette har vi gleda oss veldig til, slår Frode Kvalheim i FRAM fast. Han er kontraktsansvarleg for bussrutene som frå 1. januar 2024 skal få ta i bruk dei nye bussane.

Det er Tide Buss som blir operatør på den nye kontrakten for rute- og skolekøyring i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla.

Skal klargjerast

Allereie førstkomande måndag vil det vere mange folk i sving for å klargjere bussane til dei skal settast i trafikk. Det er mellom anna er mykje software og IT-løysingar som skal på plass.

– I tillegg skal bussane profilerast, fortel Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.

Han er godt fornøgd med å få på plass så mange el-bussar i ei kontrakt.

– Dette er et viktig bidrag for at fylkeskommunen skal nå måla sine for utsleppsreduksjon. Estimert reduksjon ved å sette inn utsleppsfrie el-bussar i denne rutepakken, er på 1850 tonn CO2 ekvivalentar per år.

Med dei nye el-bussane vil meir enn 80 prosent av rutene i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla bli køyrd utsleppsfritt. Kontrakten gjer også at FRAM får på plass dei første el-bussane på distriktsruter.

Mobillading og god beinplass

Dei frammøtte frå FRAM og Tide Buss fekk også ein sniktitt om bord i bussane. Her vart både god beinplass og moglegheiter for lading av mobiltelefonar kommentert som positive løft for passasjerane.

Stig Helle-Tautra trur mange kjem til å legge godt merke til dei nye el-bussane framover. Dei skal nemleg testkøyrast av sjåførane i perioden fram til dei blir sett i trafikk. Dei vil då vere merka i skiltkassa slik at det går klart fram at dei ikkje går i rute enno.

– Bussane vil nok bli godt synlege, men ikkje støyande. At dei er svært stillegåande samanlikna med dieselbussar er også ein fordel som eg trur mange, spesielt i bysentrum, vil sette pris på, avsluttar FRAM-sjefen.