400.000 kroner til forprosjekt om fiskerihovudstaden Ålesund

Møre og Romsdal fylkeskommune gir inntil 400.000 kroner i tilskot til eit forprosjekt for å utvikle Ålesund sentrum som fiskerihovudstad og styrke berekraftig turisme.

Ålesund. - Klikk for stort bileteÅlesund. Kai Bedringås

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok einstemmig 13. mai å gi tilskot til Næringsforeningen Ålesundregionen for forprosjektet «Fiskerihovedstaden Ålesund – i sentrum for bærekraftig turisme».

Tilskotet er på inntil 400.000 kroner og dekker 50 prosent av godkjende kostnadar. Prosjektet har ei godkjend kostnadsramme på 800.000 kroner, og resten skal finansierast gjennom eigenfinansiering og bidrag frå andre aktørar. Prosjektet må vere fullfinansiert.

Målet med forprosjektet er å samle sentrale aktørar i Ålesund sentrum for å teste og utvikle eit koordinert konsept som løftar fram byen som fiskerihovudstad. Arbeidet omfattar mellom anna utvikling av eit felles narrativ, kartlegging av aktørar, samarbeidsmøte og utprøving av tiltak som kan gi betre flyt av besøkande i byrommet.

Prosjektet skal også avklare modellar for organisering, drift og finansiering av ei eventuell vidare satsing. Forprosjektet skal munne ut i ein sluttrapport med anbefalingar for vidare arbeid, inkludert forslag til fysiske og digitale tiltak. Det er ein føresetnad at det fylkesdekkande destinasjonsselskapet Visit Northwest er tett kopla til prosjektet.

Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 13. mai