Kompetanse- og næringsutvalet vedtok einstemmig å støtte forprosjektet Fjord 2040. Alle dei 13 medlemmene røysta for.
Prosjektet skal møte utfordringar knytte til folketalsutvikling, mangel på arbeidskraft og framtidig verdiskaping. Målet er å samle innbyggarar, næringsliv, folkevalde og kommuneorganisasjonen om ei felles retning for Fjord kommune.
Planlegg arbeidet frå 2027
Forprosjektet skal følgje Innovasjon Norge sin metodikk for regional omstilling. Gjennom intervju, spørjeundersøkingar og møte skal kommunen kartleggje utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Arbeidet skal munne ut i ein omstillingsplan og ein handlingsplan frå 2027. Planane skal gi grunnlag for satsingar på næringsutvikling, attraktive lokalsamfunn, rekruttering og stadutvikling.
Kommunen finansierer halvparten
Forprosjektet har ei kostnadsramme på 900.000 kroner. Fjord kommune bidrar med 450.000 kroner, medan Møre og Romsdal fylkeskommune gir inntil 450.000 kroner i tilskot frå ei statleg ordning for område med særlege distriktsutfordringar.
Tilskotet kan utgjere inntil halvparten av prosjektkostnaden og krev at prosjektet blir fullfinansiert. Fylkeskommunen ønsker òg å delta som observatør i styringsgruppa.
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 10. september