5,28 mill. kr fordelt til lokale kulturbygg

Sju kulturbygg i Møre og Romsdal får til saman 5,28 millionar kroner i tilskot i 2025. 

Hus. - Klikk for stort bileteDette er frå Langøyneset idrettsanlegg. Per-Kristian Bratteng

Midlane skal gå til rehabilitering og oppgradering av lokale møteplassar og kulturarenaer, og er ein del av den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg.

Vedtaket i kultur- og folkehelseutvalet var einstemmig.

Fylkeskommunen fekk inn 12 søknadar innan fristen 1. mai. Etter vurdering vart sju godkjende og innstilte til tildeling. Fem søknadar vart avslått fordi dei ikkje oppfyller krava i retningslinene.

Desse fekk tilskot:

Tilskot kulturbygg
SøkarKulturbyggKommuneTilskot 2025
Bolsøya idrettslagBolsøya IL klubbhusMolde77.000 kr
Kristiansund kommuneKristiansund bibliotekKristiansund1.300.000 kr
Stangvik GrendalagBondehusetSurnadal1.958.000 kr
Bondalen Frilynde UngdomslagBondalen grendahusØrsta250.000 kr
Langevåg musikkorpsFriheim kulturhusSula962.000 kr
IL Havørn / AverøyØytun klubbhusAverøy450.000 kr
Geiranger ungdomslagGildetun ungdomshusStranda285.000 kr
SUM  5.282.000 kr

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 15.-16. september