5,5 millionar til jubileumsfeiring i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med 5,5 millionar kroner i støtte til jubileumsprosjektet «Valldal 2029 – Olav i folketradisjon». 

Det har kultur- og folkehelseutvalet einstemmig vedtatt.

Prosjektet er ein del av den nasjonale markeringa av Noreg i 1000 år og jubileet for slaget på Stiklestad, og skal vere fylket si felles leveranse i Nasjonaljubileet 2030. Prosjektet har ei totalramme på 13,65 millionar kroner og skal gjennomførast i perioden 2026–2030. Fylkeskommunen sitt bidrag utgjer 40 prosent av totalbudsjettet, og skal bidra til berekraftig drift og årleg opptrapping av aktivitetar i heile fylket.

Årleg fordeling av fylkeskommunalt tilskot:

  • 2026: 500.000 kroner
  • 2027: 1.000.000 kroner
  • 2028: 1.500.000 kroner
  • 2029: 2.000.000 kroner
  • 2030: 500.000 kroner

Prosjektet skal engasjere alle kommunar i fylket, med minst eitt arrangement i kvar kommune i jubileumsåret. Aktivitetane skal organiserast rundt tre tema: born og framtid, ungdom og verdiar, vaksne og deltaking. I tillegg til økonomisk støtte skal fylkeskommunen bidra til å sikre nasjonale midlar og samarbeid med private aktørar.

Fjord eig prosjektet

Det er Fjord kommune som eig prosjektet, og det har styringsgruppe med representantar frå Den norske kyrkja, Stiftinga VITI og fylkeskommunen. Strategiplanen legg opp til brei involvering og lokal forankring, og skal vere ein arena for samtale om Noreg si historie og framtid.

Tilskotet blir å dekke gjennom omdisponering av eksisterande kulturtilskot i perioden 2026–2030. Mellom anna skal 500.000 kroner årleg hentast frå verdiskapingsprogrammet for kulturell og kreativ næring i åra 2026–2029. 

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 15.-16. september