627.000 kr til verdsarvprosjekt

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har einstemmig vedtatt å fordele 627.000 kroner i ubrukte og omfordelte midlar til sju prosjekt i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. 

Tildelinga gjeld prosjekt som allereie er i gang, men som ikkje fekk full finansiering i førre runde. Utvalet prioriterer ferdigstilling av desse framfor nye søknadar.

Midlane kjem frå eit avlyst prosjekt og frå tidlegare ufordelte beløp i ordninga. Prosjekta som får støtte omfattar mellom anna restaurering, dendrokronologisk datering og utarbeiding av rettleiarar.

Dette er øyremerkte midlar tildelt over statsbudsjettet, som fylkeskommunen har ansvar for å forvalte. Midlane skal nyttast til å oppfylle Noregs forpliktingar etter Unescos verdsarvkonvensjon.

Oversikt over tildeling

Tildelingar verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap
ProsjektTildelt beløp
Restaurering av Nystova på Ytste-Smoge200.000 kr
Restaurering av vindauge Ospahjellen10.000 kr
Datering av Nystova på Ytste-Smoge18.000 kr
Datering av stove på Møllstunet18.000 kr
Rettleiar Herdalssetra54.000 kr
Steinvorr i Matvika127.000 kr
Restaurering av kistveite Postvegen på Ljøen200.000 kr
Sum627.000 kr

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 15.-16. september