7 500 tiandeklassingar får smakebitar frå vidaregåande

I desse dagar besøker 7 500 tiendeklassingar dei vidaregående skulane i fylket. Målet er å hjelpe ungdommane med utdanningsvalet. 

I november kvart år blir alle elevar i 10. klasse invitert til å hospitere i vidaregåande skule. Elevane vel to ulike utdanningsprogram og får prøve seg ein skuledag på kvar utdanning. 

Får ein smakebit

-Hospiteringa kan hjelpe dei med å velje rett utdanningsløp. Dei får sjå ulike programtilbod og får ein god smakebit på tilboda som finst, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

På skulane får dei gjerne ein felles velkomst og ein omsyning på skolen. Deretter blir dei fordelt på utdanningsprogramma dei skal besøke og lærer om utdanningsval, skolekvardagen og ulike fagkombinasjonar. 

Karrieredagane i september

Fylkeskommunen arrangerer også Karrieredagane i september og oktober kvart år. Målet er å gi elevane meir kunnskap om lokalt og regionalt næringsliv og om kva yrkes- og utdanningsvegar som kan vere aktuelle. 

Søknadsfristen for vidaregåande utdanning er 1. mars.