7,6 mill. kr til idrettsanlegg i fylket

Sju tidlegare søkarar får til saman 7.626.000 kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal.

Kultur- og folkehelseutvalet fordelte midlane tysdag 20. oktober. Vedtaket var einstemmig.

Pengane er restmidlar i spelemiddelordninga. Dei består av rentemidlar, inndratte midlar og tilbakebetalte midlar frå 2025. Midlane blir fordelte mellom søkarar som deltok i søknadsrunden for 2026.

Desse fekk midlar

Fordeling restmidlar anlegg 2026
SøkarAnleggTildeling
Hustadvika SportsklubbGarasje/lager til tråkkemaskin50.000 kr
Romsdal KystlagNy flytebrygge og opprusting av kaianlegg 2304.000 kr
Holmemstranda IL (Rauma)Turnhall2.336.000 kr
Sula SportsklubbFiskarstrand stadion, kunstgrasbane850.000 kr
Ørsta Hest ASMosflata hestesportanlegg481.000 kr
Ålesund kommunale eigedom KFOsane turnhall3.205.000 kr
Sandsøy og Voksa GrendalagTurveg Mikkelholmen–Straumsneset400.000 kr

Restmidlane kjem i tillegg til dei 104.813.000 kronene som utvalet fordelte tidlegare i 2026. Totalt er det dermed fordelt 112.439.000 kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket i år.

Møteprotokoll og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet tysdag 20. oktober