70 deltakarar var samla for å lære om smartare offentlege innkjøp

Sist veke samla over 70 deltakarar seg til eit fullteikna seminar om offentlege anskaffingar, med temaet «Regionalt løft for marknadsdialog i offentlege innkjøp». Seminaret retta seg mot deltakarar frå offentleg sektor, rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar innan bygge-, anlegg- og eigedomsbransjen.

Offentlege innkjøp utgjer fleire hundre milliardar kroner i året, og måten vi bruker desse pengane på har stor betydning.

Kvinne i rød genser ved eit lerret - Klikk for stort bileteChristina Qvam Heggertveit hadde innlegg Anna Lianes

Tettare samarbeid for betre løysingar

Marknadsdialog handlar om å samarbeide tettare med leverandørane for å finne dei beste løysingane, skape meir verdi for samfunnet, og sørge for berekraftige resultat. Mange leverandørar sit på innovative og berekraftige løysingar som ofte ikkje vert etterspurde, fordi dei blir målt på feil kriterium. Ved å ha ein open dialog med marknaden kan vi sikre at offentlege innkjøp blir meir effektive og betre tilpassa behova.

– Marknadsdialog er eit lite brukt verktøy, som kan hjelpe oss med å realisere eit potensial av både kompetanse og innovasjon hjå marknaden. Offentleg sektor kan trykt bruke dette verktøyet meir, seier Christina Qvam Heggertveit, prosjektleiar for Tredrivaren i Møre og Romsdal hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Delte erfaringar på tvers av sektorar

Seminaret hadde fleire spennande innlegg. Are Haugen Einum, jurist i Lørenskog kommune, delte innsikt i dei juridiske aspekta ved marknadsdialog. I tillegg fekk deltakarane kjennskap til pågåande forsking frå Høgskolen i Molde. Richard Nilsen frå Christie & Opsahl delte erfaringar frå leverandørsida og gav gode eksempel på korleis manglande markandsdialog og strenge krav kan gi dålegare løysingar enn kva marknaden i stand til å levere.

– Workshopen om marknadsdialog i bygg- og anleggsanskaffingar var både nyttig og lærerik. Særleg positivt var det at representantar frå leverandørmarknaden også deltok. Det ga oss moglegheit til å dele erfaringar og perspektiv på tvers av offentleg og privat sektor», sier  Andreas Kiperberg, som jobbar som innkjøpsrådgjevar i Volda kommune.

Offentlege innkjøp er eit viktig verktøy for å stimulere innovasjon og vekst, særleg innan ny teknologi og løysingar. Innkjøp er skissert som ei viktig prioritering for Møre og Romsdal gjennom rapporter om Møre og Romsdal gjort av OECD, som blir offentleggjort hausten 2024. Dette arbeidet vil vere av prioritet fylkeskommunen framover, med mål om å støtte kommunane i berekraftig samfunnsutvikling.