70 ungdommar frå heile fylket deltar på Ungdommens fylkesting

Fylkestinget skal blant anna innstille medlemmar og nye leiarar til ungdomspanelet og kåre Årets ungdomsråd – og bestemme retning for ungdomspolitikken framover.

Rundt 60 ungdommar står oppstilt på ein stor betongplatting. - Klikk for stort bileteHeile Ungdommens fylkesting blir samla på eit brett i Kristiansund i helga. Magnar Fjørtoft

Ungdommens fylkesting går av stabelen på Thon Hotell Kristiansund, 15.-17. mars. 70 ungdommar frå 23 kommunar deltar på det årlege tinget.

På sakslista står blant anna

  • innstille medlemmar til ungdomspanel
  • kåring av Årets ungdomsråd
  • behandle og vedta kva ungdomspanelet skal fokusere på og jobbe mot den neste perioden. Sjå dokumentet Ung Stemme som skal behandlast. 
  • behandle årsrapport for Ungdomspanelet.

Øvste politiske organ for ungdom

  • Ungdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom. I tillegg vel dei eit ungdomspanel (UP) som sitt som arbeidsutval.
  • Gjennom ungdommens fylkesting skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
  • Ungdommens fylkesting skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i saker som gjeld ungdom.
  • Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom frå 13 og 19 år, og med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.
  • Ungdomsråd, organisasjonar og andre som representerer ungdomsinteresser kan melde inn forslag til saker av regional betyding til ungdommens fylkesting.
  • Ungdommar som deltar i Ungdommens fylkesting, skal bli valde frå kommunens ungdomsmedverknadsorgan, Ungdomsråd.

Program og saksliste

Sjå saksliste på mrfylke.no Her ligg også program for samlinga.