800.000 kroner til heilårs ski-, sykkel- og aktivitetsanlegg

Kultur- og folkehelseutvalet har vedtatt å løyve 800.000 kroner til Møre og Romsdal Skikrets og prosjektet SKIA, som skal etablere heilårs ski-, sykkel- og aktivitetsanlegg i Midt-Norge. 

Vedtaket i utvalet var einstemmig.

Tilskotet er meint å sikre realiseringa av to anlegg i Møre og Romsdal, og tilskot i prosjektet går til ein pott som kommunar, idrettslag og foreiningar kan søke frå. Vedtaket føreset deltaking frå andre aktørar.

SKIA har som mål å skape aktivitet for både barn og unge, på tvers av generasjonar, gjennom tilrettelegging for skileik om vinteren og sykling og andre aktivitetar om sommaren. Norges Cykleforbund er også med i prosjektet.

Anlegga skal fortrinnsvis ligge i nærmiljø eller ved eksisterande skianlegg, og det vil bli tilbod om anleggsrådgiving og utlån av utstyr.

Prosjektet er eit samarbeid mellom offentleg, frivillig og privat sektor, og er i tråd med fleire av måla i både regional planstrategi og fylkesplanen. 

Trøndelag fylkeskommune har allereie bidratt med 6,2 millionar kroner til anlegg i Trøndelag, og Sparebank 1 SMN støttar prosjektet med midlar til både Trøndelag og Møre og Romsdal.

Vedtaket markerer eit viktig steg for å fremme fysisk aktivitet og folkehelse i regionen, og fylkeskommunedirektøren tilrår at Møre og Romsdal fylkeskommune deltek aktivt i prosjektet framover.

SKIA-prosjektet vil bli utlyst etter ski-VM i Trondheim.

Sakliste, saksframlegg og vedtak frå kultur- og folkehelseutvalet 4. februar 2025