800.000 kroner til kulturminne og friluftsliv i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har fordelt 800.000 kroner til prosjekt som fremmer kulturminne og friluftsliv i fylket. 

Låvebrua på Framgardsløa. - Klikk for stort bileteLåvebrua på Framgardsløa i Valldal i Fjord kommune får 100.000 kroner i tolskot. Fremgardsløa vart ferdig restaurert i 2015. No står sjølve låvebrua for tur. Låvebrua er eit særmerkt kulturminne med regional verdi. Den oppmurte natursteinen på yttersida av låvebrua hellar utover, og skal no settast i stand slik brua ikkje raser ut. Tørrmuringa skal utførast av tradisjonshandverkarar. Bjørn Ringstad

I alt kom det inn 28 søknadar innan fristen 1. april 2025. I denne tildelingsrunden vart friluftsliv prioritert, sidan 2025 er friluftslivets år.

Målet med tilskotsordninga er å bevare og formidle kulturminne og kulturmiljø av regional verdi, samt å legge til rette for friluftslivsaktivitetar i nærmiljøet.

Dessa prosjekta har fått støtte:

MottakarBeløpTiltakKommune
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal150.000 krUtvikle, registrere og formidle kulturminne og sjåverdigheiter i Stikk-UT-appenHeile fylket
Ålesund kommune100.000 krUtvikling av padleled i ÅlesundÅlesund
Prestakslas Venner40.000 krSkilting og informasjonstavler om natur og historie langs PrestakslaMolde
Vågstranda Idrettslag, Vestnes30.000 krBlack Lake RaceVestnes
DNT Romsdal30.000 krNye skilt i RomsdalsfjellaMolde og Rauma
Smøla Nærings- og kultursenter25.000 krBetre ferdsel for pilegrimar og turgåarar til RosvollhaugenSmøla
Herøy Kajakklubb20.000 krSjønærfestivalen 2025Herøy
Spjelkavikas Venner / Ålesund kommune110.000 krTilrettelegging av gang- og tursti langs kanalen i Spjelkavika og rydding av vegetasjonÅlesund
Framgardsløa i Valldal100.000 krRestaurering av låvebrua med tradisjonshandverkararFjord
Gjemnes kommune – Ikornneset Fornminnepark60.000 krPlanlegging og istandsetjing av området ved FornminneparkenGjemnes
Fjord kommune – Valldalsleia55.000 krSkilting og tilrettelegging for turgåarar langs PilgrimsleiaFjord
Fræna Sogelag/Hustadvika kommune50.000 krRestaurering av Hoem skule: Antikvarisk istandsetting av tak, bordkledning og vindaugeHustadvika
Ringdalsolebuda på Hellesylt30.000 krAntikvarisk istandsetting av dørerStranda