Birkeland, Tingh
Tala for Møre og Romsdal viser at 82,5 prosent av dei som starta på vidaregåande i 2018 gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse innan fem/seks år. Det er ein nedgang på 0,9 prosentpoeng frå 2017-kullet.
På landsbasis fullførte 82,0 prosent, med ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå 2017-kullet.
Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) tilbake til 2006-kullet viser ei tydeleg trend med auke i gjennomføringa fram til 2017-kullet, men for 2018-kullet er det ein nedgang både i Møre og Romsdal og på landsbasis.
Når vi ser på dei studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogramma i Møre og Romsdal kvar for seg, har studieførebuande gått ned med 0,8 prosentpoeng, frå 92,0 til 91,2 prosent, samanlikna med 2017-kullet. I yrkesfaga er gjennomføringa stabil med 73,7 for begge kull. På landsbasis viser gjennomføringa ei positiv utvikling med 0,1 prosentpoeng både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken viser til at gjennomføringa i Møre og Romsdal har vist god utvikling heilt sidan 2006, med eit rekordhøgt tal i fjor. Han konstaterer at trass nedgang, så er gjennomføringa i Møre og Romsdal for 2018-kullet betre enn gjennomsnittet for heile landet.
– Men med stadig aukande andel elevar i yrkesfaga, så er vi førebudd på at gjennomføringa kan gå ned også i åra framover, seier Brekken.
Gjennomføring av vidaregåande opplæring etter fem/seks år (andel elevar, prosent)
(Kjelde for tabellen: SSB)
Gjennomføring av vidaregåande opplæring etter fem/seks år, etter elevane sitt skolefylke ved oppstart (andel elevar, prosent):
(Kjelde for tabellen: SSB)
I 2018-kullet i Møre og Romsdal hadde kvinnene ei fullføring på 86,4 prosent mens talet for mennene var 78,9 prosent. I 2017-kullet var tala på 86,0 for kvinner og 80,9 for menn.
På studieførebuande har gjennomføringa blant kvinnene gått frå 93,4 til 93,8 prosent, ei auke på 0,4 prosentpoeng. For menn så har gjennomføringa gått frå 90,1 til 87,3 prosent, ein nedgang på 2,8 prosentpoeng.
I yrkesfaga har gjennomføringa blant kvinner gått frå 73,1 til 73,9 prosent, ei auke på 0,8 prosentpoeng. For menn har gjennomføringa gått frå 74,1 til 73,6 prosent, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng.
Ny opplæringslov
Frå 1. august 2024 fekk vi ein ny opplæringslov. Med den nye lova får du rett til opplæring til du faktisk har fullført skolen:
- Rett til å ta vidaregåande opplæring til du fullfører. Dersom du stryk i eitt eller fleire fag på vidaregåande, eller avbryt undervegs, har du rett til opplæring heilt til du har fullført.
- Rett til å velje vidaregåande opplæring på nytt så mange gongar du vil fram til søknadsfristen det året du fyller 19 år.
- Rett til å ta eit nytt fagbrev, sjølv om du har eitt frå før, eller du har fullført med studiekompetanse.
– Vi håpar og trur at den nye opplæringslova skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring på lengre sikt, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.