9,48 mill. kroner til freda kulturminne i privat eige

Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt 9,48 mill. kroner i statlege tilskot til freda kulturminne i privat eige i Møre og Romsdal for 2026. Midlane kjem frå Riksantikvaren og skal bidra til at freda bygg og anlegg blir ta vare på etter antikvariske prinsipp.

Det kom inn 31 søknadar innan fristen, med ein samla godkjent søknadssum på 22,99 mill. kroner. Det er ein kraftig auke både i tal på søknadar og i omsøkt beløp samanlikna med tidlegare år. Søknadssummen er høgare enn midlane fylkeskommunedirektøren har til fordeling, og det har vore nødvendig å prioritere strengt.

Prioriteringa

Fylkeskommunedirektøren har lagt særleg vekt på prosjekt som er i gang, nye søkarar, kulturminne som står i fare for å gå tapt, og eigarar med tunge vedlikehaldsoppgåver. Private eigarar er prioriterte i tråd med forskrifta og føringane frå Riksantikvaren.

Fylkeskommunedirektøren si innstilling vart einstemmig vedtatt av utvalet.

Midlane er statlege tilskot som fylkeskommunen har søkt om, og tiltaket har ingen direkte økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen utover meir saksbehandling og oppfølging av prosjekta.

Tilskota

Kulturminne i privat eige 2026
KulturminneSøkarProsjekt (kort skildring)KommuneTilskot
Hovudbygning på Mjelva, vestfløyaIver Marius KleivaTilbakeføre pipe og tapet, reparere tak, undersøking trapp. Rettskrav.Rauma400.000
ChristiegårdenKristiansund HåndverkerforeningDrenering, terrengjustering, istandsette rennekasser og skifertak.Kristiansund1.750.000
Lossiusgården, kontorfløyLill SnekvikTilbakeføre tre rom, kopiere tapet, istandsette ytterdør, dokumentasjonsrapport.Kristiansund950.000
Bjørstad / stabburTrine HaugeIstandsette tak, konstruksjon, kledning, vindauge og fundament.Fjord180.000
Gjerdet, Hatlen / stabburNils Petter DyrkornIstandsette kledning, konstruksjon og vindauge.Ålesund110.000
Øvstestølen – GamleseletKristin G. SandnesOppjekke laft, justere fundament og terreng, istandsette dør og lås, takrenne.Fjord110.000
Hjellens NotbøteriTor-Arne HjellenIstandsette fasade og ytterdør.Ålesund210.000
Hellesylt SjøbadHellesylt UngdomslagUtskifte stolpar, utprøving av sitronsyreimpregnering.Stranda435.000
Hauge / røykstoveSvein RustenIstandsette laft og vindauge, tilbakeføre sval.Stranda80.000
Ner-HoleNer-Hole MuseumMurmåling daglegstove.Rauma150.000
Hovudbygning på StordalsholmenAndré Widell OsvikIstandsette vindauge, kledning, vannbord, bunnsvill, pipehelle.Fjord200.000
Stabbur frå GrønningKristin G. SandnesIstandsette lås.Fjord4.000
Raftenes prestegardKim AndersenUtbetre bjelkelag, istandsette golv, ny veggoverflate. Rettskrav.Herøy250.000
Litlvågen / stabburTor FugelvågIstandsette laft og tak.Sunndal282.000
Lossiusgården, trappLill SnekvikIstandsette utvendig trapp.Kristiansund70.000
Mølltunet, støttemurPer Otto SolhaugIstandsette støttemur.Stranda33.000
Solnør gårdSolnør gaard ASRestaurere inngangsparti og blyinnfatta vindauge, tilbakeføre overflater i peisestove.Ålesund123.000
Marteinsgarden, Ner-Bø / stabburMarthe HageIstandsette fundament, prosjektleiing av tradisjonshandverkar.Rauma150.000
Paktarhuset, Ørskog prestegardØrskog HistorielagTilbakeføre overflater i midtstove, restaurere ganggolv og kjellerdør.Ålesund60.000
Losstasjon på TeistklubbenKari Kyrkjebø GjølmesliIstandsette vindauge og fasade.Hustadvika350.000
Stabbur frå EkraneBlåtind Hotel ASIstandsette vindauge og dør.Fjord80.000
Kongens gate 10 B og 12Giske Eiendom ASIstandsette vindauge, dør og overflater, drenering.Ålesund350.000
Sjøholt HotellArne Gamst SætherUtbetre taklekkasje, istandsette og tilbakeføre verandaer, kledning og vindauge.Ålesund400.000
Dalen gård / låveKristiansund kommuneEtablere heildekkande brannvarslingsanlegg.Kristiansund85.000
Keiser Wilhelms gate 40Tore VikenTilbakeføre gipsrosett og dørvridar som kopi.Ålesund15.000
Lerheim / stabburHilde Jorun LerheimIstandsette vindauge.Rauma29.000
Apotekergata 5 – BersetbuaHotel Brosundet ASRestaurere vindauge og murfasade.Ålesund600.000
TøndergårdHerluf GrünerMeirkostnader ved omlegging av tegltak.Molde74.000
Raulånna på SurnadalsøraLL Hotell ASTilbakeføre teglpipe og kledning, istandsette dør, portal og vindauge.Surnadal1.650.000
RellingenOddrun GrønningsæterUtbetre vindauge og fasade.Fjord300.000
Samla tildeling:9.480.000


Saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 25. mars