94 millionar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal

Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt 94 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal.

Blant dei som får midlar i år finn vi det nye klatreanlegget til Romsdal tindegruppe i Grandfjæra i Molde, Rørstadmarka fleirbrukshall i Sula, og den nye fotballhallen i Surnadal.

Norsk Tipping hadde rekordhøgt overskot i fjor, og Staten sette av ein større del av overskotet til idrettsanlegg i år. Søknadsvolumet i Møre og Romsdal var mindre enn i fjor og dette gjer at tildelinga her er blitt 14 millionar kroner mindre enn i fjor.

Ventetida går ned

Det blir gitt tilskot til 88 av til saman 180 godkjente søknadar. Det betyr at det framleis er ein del som ikkje får tilskot, men etterslepet og ventetida går ned.

– Ventetida for søkarane på å få spelemidlar går ned frå i fjor, og det er vi fornøgde med. For tre år sidan var ventetida på 3,5 år i Møre og Romsdal, no er den nede i 1,6 år i gjennomsnitt, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Av utfordringar i anleggsutviklinga peiker Gärtner på mellom anna utvikling av kunstgrasbanar. Det kjem eit omsetningsforbod mot gummigranulat om sju år.

- Dette gjer nok at ein del baneeigarar som ønsker å rehabilitere kunstgrasbanane sine no ventar litt og tenker seg ekstra godt om før dei vel kva innfyll dei skal ha på banane, seier Gärtner.

Ny tildeling i haust

Gärtner gir elles eit lite håp til dei som ikkje fekk tildelt midlar i denne omgang:

– Vi har over 8 millionar kroner frå mellom anna opparbeidde renter i ordninga, og dei vil bli fordelt i løpet av hausten. Desse midlane blir haldne tilbake til ei eventuell klagebehandling er ferdig, og vil kome fleire anlegg til gode. Det vil dermed blir fordelt 103 millionar kroner til saman i 2024.

Dei som ikkje får midlar i år kan fornye søknaden sin. Nytt søknadsår startar 15. juni.

Vedtaket i kultur- og folkehelseutvalet var einstemmig.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 4. juni 2024