Gjer noko meiningsfult i lag med andre, er rådet frå kampanjen ABC for god pykisk helse.
Helsedirektoratet
Heile Møre og Romsdal deltar no i den nasjonale folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse. Kampanjen er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune, og målet er at alle skal kjenne til kva grep som skal til for å bygge og styrke livskvaliteten og den psykiske helsa.
Dette er dei tre grepa du kan gjere for deg sjølv og andre:
1. Gjere noko aktivt
Held du deg aktiv, vil du kjenne deg gladare. Det blir òg lettare å handtere kvardagens utfordringar. Å vere i aktivitet byggjer og styrker den psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Forsking viser at menneske som held seg fysisk, mentalt og sosialt aktive har betre psykisk helse enn dei som ikkje gjer det. Når vi er aktive, kjenner vi oss gladare og handterer kvardagen lettare. Aktivitet kan òg lindre psykiske plager som angst og depresjon.
2. Gjere noko meiningsfullt
Ver aktiv med noko som kjennest meiningsfullt for deg. Det kan vere å lære noko nytt, jobbe mot eit mål, gjere noko for andre eller bidra til ei god sak. Å gjere noko meiningsfullt styrker den psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Å gi seg sjølv utfordringar og nå måla sine – sjølv dei små – gir ei kjensle av meistring. Det styrker sjølvkjensla. Alt dette er viktig for god psykisk helse.
Frivillig arbeid, å hjelpe andre og å bidra til fellesskapet har òg positiv effekt – både for deg sjølv og dei rundt deg. Det aukar kjensla av meining og formål i livet.
3. Gjere noko i lag med andre
Når du deltar i sosiale aktivitetar og bygjer gode relasjonar, får du ein følelse av å høyre til. Å vere ein del av eit fellesskap gir støtte i kvardagen. Å gjere noko saman med andre byggjer og styrkjer den psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Det er viktig for den psykiske helsa vår at vi kjenner oss som ein del av eit fellesskap. Når vi deltar i sosiale aktivitetar, aukar sjansen for å bli kjent med nye menneske og høyre til. Jo fleire gode relasjonar ein har, desto betre rusta er ein til å møte livets utfordringar. I eit fellesskap er det lettare å få støtte.
ABC-metoden bygger på forsking
Desse grepa, ABC for god psykisk helse, bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til nynorsk blir det å gjere noko aktivt, saman og meiningsfullt. Forsking har vist at desse tre grepa har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Vi veit at det fungerer.
ABC-rammeverket er den første forskningsbaserte innsatsen for å styrke psykisk helse i heile befolkninga. Les meir på Helsenorge sine sider.
Les også meir om kampanjen og tilskotsordninga ‘ABC for god psykisk helse' på mrfylke.no.