Prosjektleiar Rigmor Hustad Holen håper det blir eit mangfald av aktivitetar i ABC oktober.
Magnar Fjørtoft
ABC står for Act, Belong, Commit – eller på norsk: gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfullt. Forsking viser at desse tre grepa kan bidra til betre livskvalitet, auka meistring og god psykisk helse.
– ABC oktober er ein heil månad med moglegheiter til å skape gode møteplassar og aktivitetar som fremjar psykisk helse. Vi ønsker at heile fylket skal bli med på dugnaden, seier prosjektleiar Rigmor Hustad Holen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ho understrekar at aktivitetane ikkje treng å vere store eller kompliserte.
– Det kan vere så enkelt som å invitere nokon med på ein kaffikopp, ein gåtur eller ein prat. Samtidig håpar vi mange vil bruke oktober til å arrangere større møteplassar, kulturarrangement, temakveldar eller aktivitetar i samarbeid med andre. Det viktigaste er å skape fellesskap og tilhøyrsle, seier Hustad Holen.
Aktivitetar rundt om i fylket
Gjennom oktober blir det arrangert ei rekkje aktivitetar i kommunar og organisasjonar over heile Møre og Romsdal. Her er nokre av dei:
• Seniormiddag, digital kaffikrok og forfattarbesøk i Fjord kommune.
• Utdeling av kompliment og positive helsingar til innbyggarane frå NaKuHel Sunnmøre.
• «Walk and Talk»-kampanje frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal med fokus på fellesskap og psykisk helse.
– Vi håper det blir eit mangfald av aktivitetar, seier Hustad Holen.
Kommunar og organisasjonar kan bruke eigen ABC oktober-logo og anna materiell til å promotere eigne arrangement og aktivitetar. Desse er tilgjengeleg på nettsida til fylkeskommunen.
Verdsdagen for psykisk helse
Oktober er valt som ABC-månad fordi Verdsdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober kvart år. Denne dagen gir ei viktig påminning om kor mykje fellesskap, aktivitet og meiningsfulle opplevingar betyr for den psykiske helsa vår.
Den nasjonale kampanjen blir driven av Helsedirektoratet, medan fylkeskommunane har ansvar for å støtte og mobilisere lokalt og regionalt arbeid.
Du kan lese meir om ABC for god psykisk helse her.