Denne veka signerte Ålesund vidaregåande skule og NTNU i Ålesund ein samarbeidsavtale om felles prosjekt og aktivitetar. Frå venstre: May Helen Midbust, Ralf Kirchhoff, Svanhild Schønberg frå Institutt for helsevitenskap i Ålesund og Renate Ruth, Ole Reinlund, Aino Maria Tornes frå Ålesund vidaregåande skule.
Børge Sandnes/NTNU
Denne veka signerte Ålesund vidaregåande skule og NTNU ved Institutt for helsevitenskap i Ålesund ein avtale om felles prosjekt og aktivitetar.
Ålesundselevane skal lære forskingsmetodikk, datainnsamling og analyse, og samtidig sjå korleis forsking kan bidra til å løyse utfordringar innan folkehelse, livsmeistring og berekraft.
Rektor Ole Reinlund er tydeleg på kva dette betyr:
– Dette gir elevane autentiske læringsarenaer og ein enklare overgang til høgare utdanning. At den einaste forskarlinja i fylket ligg på Campus Ålesund, gir oss unike moglegheiter for samarbeid og styrka læringsutbytte, seier han.
Målet er å bygge bru mellom vidaregåande og universitet – og samtidig styrke kompetansen i regionen.
Les meir hos NTNU Nyheter.