Alle elevar har fått skoleplass etter andreinntaket

Alle søkarar med ungdomsrett i Møre og Romsdal har etter andreinntaket fått tilbod om eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt på.

Illustrasjonsfoto. Terje Aamodt

Etter 2. gongsinntaket til vidaregåande opplæring har 9.100 elevar fått skoleplass. 

760 elevar har valt å stå på venteliste til førsteønsket sitt dersom det blir ledige plassar. Etter andreinntaket i 2025 stod 910 elevar på venteliste.

Resultatet frå 2. inntaket

  • Totalt har 9.100 elevar fått skoleplass
  • 8.096 elevar fekk tilbod om førsteønsket sitt. Dette er 89,0 prosent av elevane mot 87,5 i fjor
  • 305 av søkarane takka nei til tilbod om plass

Viktig: – Ta telefonen

Frå 6. august tok dei vidaregåande skolane over det vidare inntaket. Skolar med ledige plassar kontaktar no elevar på venteliste før skolestart.

– Det er viktig at elevane svarer når skolen tar kontakt. Får ikkje skolen svar, må han gå vidare til neste elev på lista, seier Maria Enstad, seksjonsleiar for inntak i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mange elevar endrar meining undervegs i inntaksprosessen og takkar nei til førsteønsket til fordel for eit anna utdanningsprogram.

– Vi har strekt oss langt for å oppfylle elevane sine ønske, seier Enstad.

Fekk plass på annan skole

Retten til vidaregåande opplæring er knytt til utdanningsprogrammet, ikkje til ein bestemt skole. Er det ikkje plass på ønskt skole, kan eleven få tilbod om same utdanningsprogram ved ein annan skole. Dette gjeld 106 elevar i år. I fjor gjaldt det 137 elevar.

Viktig å møte første skoledag

Elevane må møte opp første skoledag for å behalde skoleplassen. Informasjon om oppmøtetid og stad ligg på nettsidene til den enkelte skolen.

Skolestarten i år er måndag 17. august.

Sjå karakterstatistikk

Sjå inntaksstatistikk

Sjå oversikt over vidaregåande skolar i fylket med lenke til nettsider