Bildet er frå UKM Fylkesfestival 2022 i Eidehallen.
Magnar Fjørtoft
Utvalet vedtok tysdag einstemmig å støtte etableringa av Møre og Romsdal kulturkrins. Fylkeskommunen løyver 500.000 kroner i 2026 til etablering og drift av den nye organisasjonen.
Blir skipa denne månaden
Vedtaket inneber at dei politiske og økonomiske rammene no er på plass, og at kulturkrinsen kan bli formelt skipa i juni 2026. Skipinga skjer med deltaking frå fleire regionale kulturorganisasjonar innan kulturfrivilligheita i fylket.
Møre og Romsdal kulturkrins blir etablert som ein paraplyorganisasjon for organisert kulturfrivilligheit. Ambisjonen er at kulturkrinsen over tid skal bli for kulturen det idrettskretsen er for idretten – ei samla stemme og ein tydeleg utviklingsaktør.
Grundig forankra
Etableringa er forankra i fylkesstrategien for kultur, frivillig sektor og arenaer, og byggjer på tidlegare politiske vedtak. Målet er å styrke samarbeid, samordning og kompetansedeling i ein sektor med mange sjølvstendige aktørar.
Støtta i 2026 er eit oppstartstilskot. Kultur- og folkehelseutvalet har ei målsetting om å auke tilskotet gradvis, i takt med utvikling og dokumentert aktivitet. Det vil også bli gjort ei vurdering av om delar av oppgåvene innan kulturfrivilligheita kan bli forvalta av kulturkrinsen på sikt.
Saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet tysdag 9. juni