Ann Turid Engset vann prisen Årets Eldsjel 2025
Ørsta vgs
Prisen har ho fått for sine mange år som engasjert rådgivar for å få ungdommar i aktivitet. Egset var ein av tre nominert og vann etter ei avstemming blant publikum.
Målet er å finne ei løysing for alle
Engset fortel om ein variert arbeidskvardag, der ho er innom mange fagområde og yrkesgrupper. Og ho understrekar at ein rådgivar innanfor OT aldri jobbar åleine. – Vi er eit team rundt ungdommen, frå NAV, seksjon for opplæring i bedrift og til bedriftene.
-Det viktige i denne jobben er å sjå den enkelte ungdommen. Eg brukar å tenke at vi må snu kvar ein stein til vi finn ei løysing, som passar for akkurat den eleven, fortel Egset.
Ein livsstil å hjelpe andre
-Dei som jobbar som OT-rådgivar gjer ein kjempejobb. Vi går hand i hand med ungdommen. Målet er å få alle ut i jobb eller aktivitet. Eg har jobba så mange år i feltet at det har vorte ein livsstil, seier Egset.
Enkelte ungdommar har Ann Turid følgt opp i årevis. – Her ein dag fekk eg ein telefon, der ein ungdom takka meg fordi han hadde klart målet sitt, og var klar for arbeidslivet. Slike gladsaker er ein enorm motivasjon i jobben.
Utanforskap er ei stor utfordring
Ann Turid seier at ho ser store utfordringar med tanke på fråfall. – Det er ikkje alle som passar inn i «skuletrakta», og har det betre om dei får jobbe meir praktisk. Derfor er det mange som fell utanfor. Tala seier at 1 av 5 innan ykesfag fell utanfor, og det er meir enn det var for nokre år sidan. Korleis får vi snudd denne utviklinga?, spør Egset.