Frå venstre: Ola – Andre Fløtre, Rune Ottesen og Steinar Grebstad frå Aurstad tunnel AS. Oskar Einarsson frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Jan Olav Vatne og Pål Are Vadstein frå Aurstad tunnel AS. Oddbjørn Fleten, Andreas Tennøy Brekke, og Sara Sagild frå fylkeskommunen.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Alle kaiene i sambandet Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy blir oppgradert. Åram og Kvamsøya er meir eller mindre ferdig, og drifta er tatt over av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det står likevel igjen noko småarbeid som til dømes oppmerking og montering av rekkverk.
Heile byggeprosjektet for alle fire kaiene er venta ferdig til januar 2025. Nytt fartøy er om lag ein månad forseinka. Opphaveleg plan var oppstart i januar. Dette skuldast ombyggingsarbeid på det nye fartøyet.
Større ferje, men tryggare for gåande
Både Åram og Kvamsøya har mellom anna fått nytt landkar og ny ferjekaibru. Byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Andreas Tennøy Brekke, fortel at utbetringa vil gjere det tryggare for mjuke trafikantar.
- Det er no etablert fysisk skilje mellom gang- og køyrefelt. Det kjem også betre oppmerking på landområdet på kaia, seier han.
- Vi er glade for at det nærmar seg avslutning på eit vellukka byggeprosjekt, og vi takkar dei reisande for tolmodet i byggeperioden.
Arbeidet på Åram starta i februar 2024, medan det på Kvamsøya har vore arbeid sidan november 2023. Det er Aurstad Tunnel AS som har vore entreprenør på prosjektet.
Ferjerutene som gjeld i dag er dei same sjølv om Åram og Kvamsøya ferjekaier er ferdige. FRAM kjem med informasjon om endringar når heile prosjektet er avslutta.
Kvamsøya ferjekai med rykande fersk asfalt.
Andreas Brekke
Åram ferjekai er ferdig, men det gjenstår noko oppmerking og gjerder.
Andreas Brekke