Arkeologane pakkar sekkane: Etter påske startar feltsesongen

Arkeologane i Møre og Romsdal fylkeskommune gjer seg klare for ein ny sesong med arkeologiske registreringar.

Arkeologar. - Klikk for stort bileteArkeologane er klare for sesongstart. Bak frå venstre Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad, Harald Bugge Midthjell, Kristoffer Dahle og Signe Marie Midtgård. Sittande: Guro Dehli Sanden. Per-Kristian Bratteng

Feltarbeidet startar etter påskeferien og vil halde fram ut november, dersom vêrtilhøva gjer det mogleg.

Utstyr som innmålingsapparat, spader, graveskjer og bøtter er no under klargjering, og både funnposar og feltklede blir supplert før sesongen startar. Allereie no merkar fagmiljøet stor pågang frå tiltakshavarar.

Fylkeskommunen oppmodar difor grunneigarar og planleggjarar som treng arkeologiske undersøkingar i samband med eigedomsprosjekt eller reguleringsplanar i 2026 om å vere tidleg ute. Feltkalenderen er allereie full fram til første veka i august.

Årets sesong vil omfatte undersøkingar frå Sandsøya på Søre Sunnmøre i sør til Smøla i nord. Eit av dei større prosjekta i 2026 er arbeidet med reguleringsplanen for E136 Flatmark–Marstein i Rauma kommune.