Den 27. mars samlast fagfolk for å belyse negativ sosial kontroll og æresrelatert vald på ein regional konferanse, i Molde.
Konferansen inviterer til deling av kunnskap og erfaringar, og til auka forståing rundt desse kritiske temaa. Målet er å bidra til at dei som jobbar med barn, ungdom og vaksne skal kunne identifisere kven som er utsett og bidra til at dei får rask hjelp, frå rett instans
På programmet:
Fenomenforståing av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald ved Eva Oddrun Jakobsen, IMDi
- Æresdrap - utøvarane sitt perspektiv ved Lene Wold, Partnerdrapskommisjonen
- Negativ sosial kontroll på sosiale medium ved Laila Restan, IMDi
- Opplysningsplikt, avvergingsplikt, meldeplikt ved Kaia Strandjord, Trøndelag statsadvokatembete
- Presentasjon av Kripos' rapport «Æresdrap i Noreg 2000-2022» ved Lisa Øyen Fjøsna, Økokrim, og Lene Wold
Målgruppe for konferansen er blant anna tilsette i barnehage og skole, vaksenopplæring, introduksjonsprogram, flyktningtenesta, helsetenesta, politi, nav-kontor, krisesenter og frivilligheita.
Det regionale nettverket som arrangerer konferansen består av Statsforvalteren i Møre og Romsdal og i Trøndelag, Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommune, politiet i Møre og Romsdal og i Trøndelag, UDI Midt-Norge, Bufetat Midt-Norge og RVTS Midt.
Meld deg på innan 20. mars.