Arrangerer program for ukrainske kvinner som vil starte for seg sjølv

Gjennom inkubasjonsprogrammet ReStart skal ukrainske kvinner med innovative forretningsidear lære alt dei treng for å etablere bedrift i Noreg.

to kvinner sit i ein sofa - Klikk for stort bileteMay Britt Roald, rådgivar, og Daniela Gundersen, prosjektleiar, inviterer ukrainske migrantkvinner til inkubasjonsprogram. Møre og Romsdal fylkeskommune

Den 25. oktober er det oppstart for ReStart, programmet som skal bidra til at ukrainske  migrantkvinner skal få etablere sin eigen arbeidsplass i fylket.

- No er vi på jakt etter deltakarar som dette kan passe for, seier Daniela Gundersen, prosjektleiar  i Møre og Romsdal fylkeskommunen, som er ein av arrangørane, i lag med lokale samarbeidspartnarar.

Nyleg vart det arrangert eit webinar for å lodde interessa for eit slikt program, med totalt 40 deltakarar. Daniela er spent på responsen når dei no går i gang på ordentleg.

- Deltakarane vi søker, må vere verkeleg motiverte til å gjere ein innsats. Forretningsideen som dei skal jobbe med, må vere innovativ, ny og ha potensiale for ein nasjonal eller internasjonal og marknad. Vi ønsker også at berekraft skal vere ein sentral del av prosjektet deira, seier Gundersen.

Jobbe med case

Deltakarane skal få jobbe med caset sitt, lære å forstå kundens behov, utvikling av forretningsmodellar, pitching og salgsbudskap og nettverksbygging. Dei vil også få opplæring i norsk forretningskultur, lovverk og kulturelle skilnader.

-  Vi veit det er mange kvinner frå Ukraina som driv bedrift i heimlandet. No skal vi bidra til at dei kan lykkast med forretningsideen sin i eit nytt land og til at dei få jobbe med det dei er gode til, seier prosjektleiaren.

Inkubasjonsprogrammet ReStart  er utvikla av BSI-4Women, eit EU-prosjekt med partnarar frå Polen, Norge, Danmark, Latvia, Litauen, Estland og Sverige. No skal programmet testast i alle landa, og her i regionen er det eit samarbeid mellom Vindel, Protomore, Sunndal Næringsselskap, Nordveggen og hoppid.no, som alle har lang erfaring i å støtte og følge opp gründerar.

Programmet er gratis, med fem samlingar over tre månader, i Molde eller Kristiansund. Deltakarane får personleg rådgivar og mentor, tilgang til lokale og våre bedriftsnettverk og samarbeidspartnarar.

 

Klikk på lenka for å søke om å bli med i programmet. Søknadsfrist er 25. september: