Averøy folkebibliotek.
One Marthe Vik
Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har vedtatt å auke sitt tilskot til bibliotektransporten i fylket.
Vedtaket inneber at fylkeskommunen frå 1. januar 2026 vil bidra med inntil 40 prosent av kostnadane til bibliotektransport, med eit årleg tak på 1.634.478 kroner.
Møter kostnadsauken
Ordninga skal gjelde ut avtaleperioden fram til 30. august 2028, og er utforma for å møte den kraftige kostnadsauken som kom fram i den siste anbodsrunden. Kostnadane har auka med om lag 80 prosent sidan førre konkurranse i 2021, og fleire bibliotek har meldt om store utfordringar med å oppretthalde tilbodet utan auka støtte.
Støtta blir fordelt etter innbyggartal, men skal ikkje overstige 6 kroner per innbyggar eller 50 prosent av den enkelte kommune sin kostnad. Eventuelt overskytande beløp blir omfordelt til kommunar med lågare dekningsgrad. Støtta blir også prisjustert i tråd med kontrakt med transportleverandør.
På tvers av bibliotek
Bibliotektransporten er ein viktig del av det nasjonale lånesamarbeidet, og sikrar at innbyggarar kan låne og levere bøker på tvers av bibliotek. Utvalet peikar på at ei styrka støtteordning er nødvendig for å oppretthalde eit likeverdig og godt bibliotektilbod i heile fylket.
Vedtaket inneber ei auke frå tidlegare støtte på 600.000 kroner per år, og den nye ordninga blir finansiert gjennom omfordeling innan kulturområdet. Det får dermed ingen direkte økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen.
Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 15.-16. september