Aure og Smøla får bygdevekstavtalar

Aure og Smøla får til saman to millionar kroner i statlege midlar for å samarbeide om ein bygdevekstavtale.

Bygdevekstavtalane blir inngått mellom kommunane og Staten. Hensikta med avtalane er at dei skal bidra til busetting, tilgang på arbeidskraft og næringsutvikling i dei minst sentrale distriktskommunane, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet i ei pressemelding.

Ved den siste tildelinga blei det klart at 18 kommunar i fem fylke skal samarbeide om dei nye bygdevekstavtalane. Desse er:

  • Trysil, Våler, Åmot, og Engerdal i Innlandet
  • Smøla og Aure, i Møre og Romsdal
  • Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje i Telemark
  • Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen i Troms
  • Solund og Fedje i Vestland

Smøla og Aure fekk i denne tildelinga løyvd to millionar kroner, med moglegheit for fire millionar kroner meir i ein seinare fase.