Avlyser konkurransen om drift av Utasundsruta

Fylkesutvalet har vedtatt å avlyse konkurransen om Utasundsruta. No skal fylkeskommunen vurdere alternative løysingar for vidare ferjedrift.

Ferje ved ferjekaia. - Klikk for stort bileteBilde frå Småge ferjekai. Kai Bedringås

Vedtaket gjeld ferjesambandet Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona. Dagens ferjekontrakt går ut 31. desember 2028. Fylkeskommunen hadde lyst ut ein ny kontrakt med drift fram til 12. februar 2040, men konkurransen blir no avlyst.

Fylkeskommunedirektøren får mynde til å vurdere kjøp av fartøy eller ein kortare driftskontrakt. Dersom kjøp blir aktuelt, skal saka behandlast politisk.

Konkurransen for Brattvåg–Dryna held fram

Dagens kontrakt for Brattvåg–Dryna går også ut 31. desember 2028. Fylkeskommunen har lyst ut ein ny kontrakt med drift fram til 31. desember 2033.

Fylkesutvalet har samtidig gitt fylkeskommunedirektøren fullmakt til å avlyse konkurransen om Brattvåg–Dryna dersom dei endelege tilboda ikkje er innanfor den økonomiske ramma.

Blir konkurransen avlyst, kan fylkeskommunedirektøren lyse ut ein ny konkurranse med nødvendige tilpassingar for å redusere kontraktskostnadene.

Konkurransen for Brattvåg–Dryna går framleis føre seg. Fylkeskommunen gir derfor ikkje fleire opplysningar no.

Saka vart behandla bak lukka dører fordi ho inneheld opplysningar om ein pågåande anbodskonkurranse og fylkeskommunen sin forhandlingsposisjon.

Møteprotokoll, saksliste og saksframlegg for fylkesutvalet måndag 23. november