Kick-off for ABC for psykisk helse i Bjørnsonsalen i Molde.
Sunniva Nerbøvik Løkhaug
Kick-offen i Molde markerte starten på ei brei nasjonal satsing fronta av Helsedirektoratet, der Møre og Romsdal fylkeskommune er tilretteleggjar og pådrivar i fylket.
Over sommaren kjem fylkeskommunen med ei tilskotsordning som skal gi støtte til lokale initiativ som ønsker å ta i bruk ABC og informere om enkle verktøy for å betre den psykiske helsa.
Utvikla i Australia
ABC-metodikken vart utvikla ved Curtin university i Australia og kampanjen handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga. Bokstavane står for «Act – Belong – Commit», oversett til gjer noko aktivt, saman og meiningsfullt.
- ABC-rammeverket bør ligge i bunn for å styrke den psykiske helsa både for private, på jobb, i kommunar og i andre arenaer. Vi ønsker å sette fokus særleg på frivillig sektor no i starten, då dette er ein arena kor mange er. Vi må jobbe for å legge til rette for at folk kan delta, at dei kan bidra på eigne premiss, og at dei føler at dei høyrer til, sa Rigmor Hustad Holen, seniorrådgivar for folkehelse og frivilligheit i fylkeskommunen.
Magi, musikk og meiningsfulle møte
– Det bur magi i kvar einaste ungdom, sa Filip Eidsvåg frå scena. Som initiativtakar bak Det umulige huset på Åndalsnes, jobbar han dagleg med å skape trygge og kreative møteplassar for ungdom – eit godt eksempel på bruk av ABC-metodikken i praksis. Akkompagnert av gitarspel frå konferansier Jonas Høgseth (Møre og Romsdal musikkråd), drog dei med seg heile salen på allsong – ein start som verkeleg spegla ABC-bodskapet om å gjere noko aktivt, saman og meiningsfylt. Publikum var «veldig glad og veit det» og klappa og trampa i takt.
Enkle grep for ei betre folkehelse
Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin hos HUNT forskningssenter og NTNU, presenterte det solide kunnskapsgrunnlaget bak ABC-rammeverket. Han understreka at psykisk helse er den viktigaste folkehelseutfordringa i Noreg i dag.
- Målet er at ABC skal bli like godt kjent som «5 om dagen». Det er dei super enkle tinga som hjelp – sjølv om utfordringane er komplekse, treng ikkje løysingane vere så vanskelege, sa Krokstad.
Pilotar delte sine erfaringar
Både Trøndelag fylkeskommune og Oppdal kommune har vore pilotar i arbeidet fram mot den nasjonale ABC-satsinga for god psykisk helse. Mari Jørgensen Ryen, ABC-koordinator i Trøndelag, delte erfaringar frå pilotprosjektet og kom med konkrete forslag til korleis ein kan fremje psykisk helse blant innbyggarane.
- Vi ønsker oss ein folkehelsedugnad. Alle må dra i same retning, seier Ryen. Sjølv om metodikken har opphav på andre sida av verda, er ho lett å ta i bruk også her i landet.
Frå konferanse til kvardag
ABC-bodskapet er enkelt: Gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfylt. Dette skal no bli ein naturleg del av folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal – både i kommunane og i frivillig sektor.
– Dette er starten på noko viktig. Vi treng fleire som vil vere med og bygge eit samfunn der det er lett å leve godt – saman, avslutta Holen.