Bærekraftig olje frå kvitfisk – med overskotsvarme frå eigen båt

Med støtte frå Regional Forskingsfinansiering og i samarbeid med SINTEF Nordvest, har fiskebåtrederiet Bluewild utvikla ein ny metode for å hente ut fiskeolje frå restråstoff som innvollar og bein – ved hjelp av overskotsvarme frå drifta av båten. Teknologien skal no testast vidare i eit pilotanlegg på land, med mål om å ta i bruk løysinga om bord på «ECOfive».

Gjennom målretta satsing på berekraft og samarbeid med forskingsmiljø i fylket, tek fiskebåtrederiet Bluewild i Ålesund steg mot ei grønare framtid for fiskerinæringa. Med støtte frå Regional Forskingsfinansiering  (RFF) Møre og Romsdal har dei utvikla og testa ein ny metode for å utnytte restråstoff frå kvitfisk – som innvollar, bein og lever – til produksjon av høgkvalitets fiskeolje.

Samarbeid med SINTEF gir resultat

Prosjektet, som er knytt til den nye båten «ECOfive», er eit godt døme på korleis konkret næringsretta forsking og teknologiutvikling kan bidra til sirkulære og energieffektive løysingar. I samarbeid med SINTEF Nordvest har Bluewild undersøkt korleis ein kan nytte overskotsvarme frå drifta av båten til å behandle råstoffet ved låg temperatur. I staden for å sleppe varme rett ut i lufta, vert den no brukt som energikjelde i produksjonen av fiskeolje.

Laboratorieforsøk har vist at enzymbehandling gir spesielt gode resultat, når det gjeld oljeutbytte. Kullfilter kan hjelpe mot miljøgifter. Metoden kan tilpassast for bruk om bord, og legg til rette for at ein kan ta vare på så mykje som 90 prosent av heile fisken – noko som representerer eit stort potensial for verdiskaping og ressursutnytting.

Frå idé til prototype på land

Bilde av ein moderne fiskebåt - Klikk for stort biletePrisbelønna skip: Ecofive» står for «Eco-friendly Fishing Vessel. Ein håper å få tatt i bruk teknologien ombord Bluewild

– I næringa vår er vi avhengig av å ha eit løypande utviklingsarbeid og vi er utsette for mykje risiko. Med støtte frå RFF har vi moglegheit til å setje i gang med slike prosjekt. Resultata her viser at dette er noko vi kan jobbe vidare med, seier Helge Kittilsen, styreleiar i Bluewild.

Kittilsen roser SINTEF i Ålesund for arbeidet dei har gjort i prosjektet, og forklarer tankegangen bak det tekniske grepet: – Ein fiskebåt brukar mykje energi for å lage straum og framdrift. Straumen blir òg brukt til å drifte vinsjar og fryseri. Alt dette produserer overskotsvarme. Så vi tenkte: Kva om vi kan bruke den varma i staden for å berre sleppe den ut?
– Vi ønskjer å separere olja frå andre stoff og protein. Vi er på jakt etter fiskefeittet. I samarbeid med SINTEF er det blitt utvikla ein måte å utnytte opp mot 90 prosent av heile restråstoffet, slik at ein får separert ut fiskefeittet og tek ut oljer og protein ved hjelp av overskotsvarme frå båten. Ein prototype skal no utviklast på land, som kan monterast om bord i båten etter kvart, fortel han.

Lokale leverandørar med rett kompetanse

Kittilsen meiner dette treff godt med føremålet til RFF: 
– Her skapast og utnyttast teknologi som har eit skaleringspotensiale. Vi bruker lokale leverandørar. Det er rikeleg med rett kompetanse på dette området her i fylket. Sjømatbransjen skal vere dynamisk, men bankane er redde for risiko, og derfor er det godt med hjelp til finansiering av slike prosjekt. RFF opplevast som relativt lett å ha med å gjere.

Støtte koplar bedrifter og forskarar

Portrettbilde av mann - Klikk for stort bileteØyvind Herse i Regional forskingsfinansiering Møre og Romsdal Privat

Øyvind Herse i RFF Møre og Romsdal forklarer at kvalifiseringsprosjekta er  forprosjekt som skal sette bedrifta i stand til å ta i bruk meir forsking i neste fase av innovasjonsprosessen. Det er bedrifta sjølv som søker og er ansvarleg for prosjekta, men vi gir støtte til å leie inn eit forskarmiljø.

Forsking som verkemiddel for grønt skifte

Herse peikar på at denne typen samarbeid blir viktigare framover:
 – Arbeidslivet vert stadig meir komplisert, nye løysingar krev auka kunnskap og for å få det må vi forske. Det blir ein god synergi ut av slike prosjekt.  Bedrifta koplast inn i eit forskarmiljø som igjen får jobbe med ei lokal bedrift. Dette blir vinn-vinn for begge partar.

Låg terskel – høg verdi

Han håper fleire bedrifter vil nytte seg av ordninga: 
– Vi behandlar søknadane raskt og hjelper også til i søknadsprosessen. Alle prosjekta vi gir støtte til har tydelege spor av berekraft og grøn omstilling i seg.

Om RFF Møre og Romsdal

Regional Forskingsfinansiering (RFF) er ei ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

Satsingsområde for RFF Møre og Romsdal i perioden 2025 - 2028:

  • Grønn og bærekraftig vekst i næringslivet
  • Utvikling og bruk av ny teknologi
  • Sirkulære verdikjeder og effektiv ressurs- og energibruk
  • Bygge kapasitet og relevant kunnskap i og for næringslivet
  • Offentlig – privat samarbeid
  • Fremme eksport og internasjonalisering