Bjerkelund skole
– Vi ønsker å løfte fram barnas perspektiv på Kristiansund. Dei ser byen på sin eigen måte, og det vil vi vise fram, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM.
Før sommarferien inviterte nemleg FRAM elevane ved barneskulane i kommunen til å sende inn deira blikk på Kristiansund. Totalt kom det inn 288 bidrag frå Innlandet skole, Nordlandet skole, Folkeparken skole, Frei skole og Bjerkelund skole.
No er 30 teikningar valde ut. Desse skal folierast på bussane i Kristiansund i løpet av sommaren.
Barnas blikk på byen
Teikningane viser korleis barna opplever Kristiansund, og kva dei meiner er viktig, fint eller spesielt med byen.
– Barna er framtidas innbyggarar og brukarar av byen. Deira perspektiv gir oss eit verdifullt blikk på Kristiansund, seier Karlsnes.
Når teikningane kjem på bussane, blir dei ein synleg del av kollektivsatsinga i Kristiansund. – Det er ekstra stas å få vist fram barna si stemme i utviklinga av byen, seier Karlsnes. Det store løftet som blir tatt på veg og kollektiv er nettopp for framtidas innbyggarar på Nordmøre.