Prosjektet skal utvikle eit konsept for smart energisamspel og samlokalisering på Bentneset i Kristiansund, et tilnærmet rent industriareal uten bygg og anlegg.
Målet er å redusere energibruk, utslepp og kostnadar i maritime næringsområde. Søkaren Zinor Holding AS vil utvikle området til ein moderne havservicebase, og samtidig utvikle og teste eit konsept for smart energisamspel og samlokalisering gjennom energifellesskap, fartøylading og felles lokale og infrastruktur.
Søkaren peiker på at prosjektet kan bidra til å løyse nokre av hovudutfordringane i Grønt industriløft; mangel på kraft, areal og arbeidskraft.
Zinor Holding AS skriv i søknaden at «Kraftilag skal undersøke hvordan flere virksomheter kan samarbeide om energi og infrastruktur på en måte som gir lavere kostnader, bedre ressursutnyttelse og redusert klimaavtrykk.»
Prosjektet skal munne ut i ein områdeplan med energianalyse og ein digital tvilling som skal visualisere løysingar for felles energisystem, kai og infrastruktur.
Arbeidet blir delt inn i seks arbeidspakkar, frå kartlegging av energibehov til utvikling av ladehub for fartøy, smart styring og integrasjon av fornybar energi. Prosjektet skal også dokumentere verdien av samarbeid gjennom eit synergiregnskap som kan nyttast til berekraftsrapportering i tråd med EU-taksonomien.
Prosjektperioden går frå desember 2025 til september 2026, og kostnadsramma er sett til 1.600.000 kroner, der fylkeskommunen dekker 47 prosent.
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 4. desember